Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Sølvbåt og stjernevind

– Eg har alltid hatt lyst til å skrive dikt for ungar, smiler Hilde Myklebust. Ho er ein av seksten lyrikarar som er representerte i Sølvbåt og stjernevind, den ambisiøse og påkosta barnediktboka frå Mangschou forlag. – Eg hadde faktisk nokre skisser liggjande. Fleire idear. Så fekk eg invitasjonen frå Per Olav Kaldestad om å skrive til denne antologien. Du kan tru eg vart glad!

– Eg har prata mykje med ungar om ord og dikting, skjønar du. Dei siste åra har eg reist på turne med Lurivar, katten i Ivar Aasen-tunet. Eg har skrive teksten til den framsyninga. Vi har besøkt skular i massevis!

– Ungar er så opne, eg ser det i ansikta deira når dei byrjar å sjå bileta i hovudet sitt. Det er slett ikkje alltid så lett å sjå når eg les for vaksne, ler Hilde. – Vaksne burde trene seg i å vere like opne. I alle fall må dei vere det når dei skal lese for ungane. Dei minste er så avhengige av den vaksne formidlaren for å få komme inn i diktinga, fantasien, historiene. Det er slike rom å komme inn i eg prøver å dikte.

– Eg er oppteken av å skape tydelege bilete, anten eg skriv for born eller vaksne. Tydelege bilete og stemning. Det er det viktigaste. Skjønnlitteraturen utvidar det rommet vi har å vere menneske i. Han gjev opplevingar og stimulerer fantasien, øver oss i empati og sjølvinnsikt. Han er ein veg inn språket vi treng for å tenkje og setje ord på alt rundt oss. Litteraturen er livsviktig! Å bli lese for som barn. Det må vere ein menneskerett! Den største gleda ein kan ha er å vere den vaksne som les. Berre prøv, oppmodar Hilde Myklebust.

– Eg ville ikkje skrive tøyse-dikt, rim og regler og slikt. Det er det heldigvis andre som gjer så godt i denne boka. Dikta mine er ganske lange, nesten som forteljingar. No trur eg at eg vil skrive ei diktsamling for born heilt aleine, avsluttar Hilde Myklebust inspirert.

Spindelband

Sjå, vevkjerringa har det visst travelt i dag.
For det bles ein slik fin nettspinningsvind
Ho vil spinne eit nett mellom to store steinar
Dei største ho finn!

Ho kryp opp på ein stein med lav
Kravlar rundt med åttebeint varsemd
og granskar kartet på steinflata der
No er eg altså her, tenkjer ho
Så skal eg altså dit, tenkjer ho
og ser bort på den andre steinen

Så pluggar ho spindelet fast i ein lyngkvast
Stiller seg klar på kanten av steinen og ventar
Når vindkastet kjem fyk ho av garde
i eit tynt spindelband

Sølvbåt og stjernevind er redigert av Per Olav Kaldestad og Hanne Bramness. Dei har invitert seksten lyrikarar som tidlegare berre har skrive for vaksne, til å skrive for born. Dette valet lyftar antologien. Her har ingen teke lett på oppgåva. Fem illustratørar har fått boltre seg i kvar sin del. Det er illustrasjonane som er systemet i denne antologien, ikkje tema, ikkje tekst. Endå eit spennande val. Boka er på så mange ulike måtar ny! Slik målgruppa også er ny: Dei nye borna. Som skal lese og skrive seg inn i si tid. Til dette treng dei tekstar frå si eiga samtid.

Eg merkar at eg les boka annleis no enn eg gjorde då eg fekk henne i posten for nokre månader sidan. Akkurat no er det Kjartan Hatløy sine dikt eg les opp att og opp att. Men eg veit at Terje Dragseth har slipt nokre diamantar som eg skal bla meg fram til når hausten vert mørkare: «Kan eg gå på is kan eg gå på vatn. Kan eg gå på vatn kan eg alt.» Du kjem til å greie deg, driv på, du har forteljingane dine framom deg! Slik opplever eg at dette diktet og fleire andre snakkar til lesaren. Er ikkje det den fremste oppgåva til litteraturen? Å snakke slik til eit barn?

Eg trur det her er ei bok eg hentar ut av hylla om ti år. Om tjue. Slik kan det bli for dei små lesarane i målgruppa også. Om vi berre les for dei! Nokre tekstar vil dei like no, med det same. Andre om nokre år. Snart er dei vaksne og kan finne boka fram att. Kjenne lukta, hugse fargane og lese på nytt. Til sine eigne born. Då er ikkje boka lenger ny. Ho er ein klassikar!

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
dikt