Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Terje Tørrisplass: Vegemot

Terje Tørrisplass: Vegemot Det lyriske eg-et kjenner seg i slekt med naturen, og særleg med heiloa. Heiloa prydar framsida av diktsamlinga, og i det første diktet er heiloa omtalt som tvillingsjela til eg-et. Det siste diktet heiter «Heilo», såleis understrekar heiloa det sykliske både i naturen, i menneskelivet og i diktsamlinga.

Naturen er eit gjennomgåande motiv, både høgfjellet og skogen, vatn og vidde, lyset og himmelen er viktige for eg-et: «Å gå over fjellet / Det er det som gjeld». Han har sterke opplevingar i naturen og er bekymra for stoda og framtidsutsiktene: «Som ein romsterer på denne uroa kloden». For å hanskast med denne uroa er det beste setje seg stille under eit tre. Klimaendringane blir peika på gjennom ord som «karbonhimmelen», «raudlistene» og «skogbrann» – «Ingenting er statisk / i naturen og i livet».

Eg-et er heime i naturen og skogen, og ein bolk av diktsamlinga handlar om skogsdrift og tømmerhogst. Sjølv om tre blir hogne, gjer syklusen i naturen at det kjem ny skog: «framtidsskogen, frisk og grøn», og han har ei erkjenning av at han alltid kjem til å lukte skog. Han har sterk tilknyting til heimstaden sin, her er mange lokale stadnamn frå Hallingdal.

Eit anna sentralt motiv er vegemotet, vegskiljet, som får vidare tyding som ein stad der folk møtest og går frå kvarandre. Vegemotet er ein stad både for sorg, glede og draumar, alle har sitt å streve med. Det er ein stad for fortid, nåtid og framtid: «Me er alle vandrarar på jorda». Eg-et tenker også på eit du i fleire av dikta, «eit vindpust / av lengt // etter det eine mennesket / å omfamne alt med.»

Vi møter eg-et mest i dikt om hausten, der han også ser tilbake på livet sitt. Han minnest frå han var barn og var saman med foreldra. Han tenker på vandringar med far og til og med tilbake til å vere ufødd i mors liv. Dei siste dikta i samlinga viser ei snuing, her er det vår, nytt liv i naturen og nytt møte med heiloa. Også på denne måten blir det sykliske i livet og naturen understreka.

Sjølv om eg-et tydeleg er ein person som har levd ei stund, har dikta ein tematikk som også kan engasjere og nå inn til unge lesarar. Desse gode dikta snakkar til kjenslene våre, om vårt forhold til skogen og fjellet, og om opplevingar vi kan kjenne igjen.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker