Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Agnes Ravatn: Operasjon sjølvdisiplin

Undervisingsopplegg til boka:
Nynorsksenteret.no: Har du viljestyrke?

«Sjølvhjelpsboka for deg som hatar sjølvhjelpsbøker!» står det på framsida av denne boka. På rett over 100 sider gir Agnes Ravatn oss handfaste, forskingsbaserte sjølvhjelpsråd om korleis me kan meistre kvardagen litt betre. Ho tek utgangspunkt i kvardagslege problemstillingar som dei fleste av oss står i. Det handlar til dømes om kosthald, trening, pengebruk eller mangel på konsentrasjon. 

 Med utgangspunkt i forsking viser ho oss korleis me på best mogleg måte kan løyse kvardagen. Ho lærer oss at me har ei avgrensa mengd viljestyrke kvar dag, så det gjeld å bruke han fornuftig. Ho forklarer også kvifor ein aldri, aldri bør multitaske. 

Boka har 12 kapittel, pluss forord og ei oppsummering på 30 punkt til sist. Kapitla har titlar som «Kunsten å legge band på seg sjølv. Eller: Korleis kneble din indre apekatt?» og «Viljens svikt. Eller: Kvifor har folk som er på slankekur, større sjanse for å vere utru?». I ein lett og ledig tone tek Ravatn oss gjennom problemstillingar som kan bli litt mindre problem etter ein har lese denne boka. 

Forfattar og journalist Agnes Ravatn har skrive både skjønnlitteratur og sakprosa. Tidlege utgåver av nokre av kapitla i denne boka stod på trykk i avisa Dag og tid. Med Operasjon sjølvdisiplin byr Ravatn oss ei viktig og underhaldande bok som er informasjonstung, men ikkje tung å lese. 

Boka passar fint for elevar på vidaregåande skule. 

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Anders Totland: Til døden skil oss
humor
Ana Pêgo: Plasticus maritimus
9–12
Magnhild Bruheim: Stjernefallet
krim
Marit Eikemo: Vi er brødrene Eikemo
unge vaksne