Då eg var 19 år, fekk eg høyre at skiljet mellom Aust- og Vest-Europa, som kanskje tydelegast manifesterte seg i delinga av Tyskland og muren i Berlin, ville vere der i all framtid. Minst femti år til, meinte tysklæraren. Dette var i 1989. Om lag eitt år seinare, 3. oktober 1990, vart DDR nedlagt, for å bruke formuleringa i tittelen til Dypvik. Kva skjedde med menneska som hadde budd i DDR, etter samanslåinga med Vest-Tyskland? Og korleis hadde det prega livet til enkeltmenneske å leve under diktaturet i DDR? Dette er spørsmål Dypvik freistar å gi nokre svar på i denne boka, som inneheld møte med enkeltmenneske som har ulike syn på DDR.
Nokre av menneska i boka er nostalgikarar, eller ostalgikarar, fordi dei lengtar til det landet dei ein gong var ein del av, ost, altså Aust-Tyskland. Dei romantiserer forholdet til DDR, tenkjer på det dei meiner er positive trekk ved den tyske kommunistiske staten. Andre er merkte av tida i DDR. Mario Röllig er til dømes ein av dei som vart stoppa då han prøvde å kome seg over grensa mellom Ungarn og Jugoslavia og vart fanga. Ei god stund etter at Tyskland vert samla, sommaren 1999, arbeider han som tobakksseljar på det luksuriøse varemagasinet KaDeWe, og det er her han møter att ein av avhøyrsleiarane frå fengselet. Mario spring etter han og seier «Du var avhøyraren min. Eg synest eg fortener ei unnskyldning. (…) Mannen svarar «Anger er for små barn. Du var ein forbytar, og det som skjedde med deg var i tråd med DDR sine lover (…)» Så gjekk han vidare, ut i sommardagen.» Mario får samanbrot i etterkant av denne hendinga, og han gjer fleire sjølvmordsforsøk. Gjennom slike forteljingar eksemplifiserer Dypvik korleis fortida stadig vekk innhentar folk, og at forsoning er vanskeleg. Mange menneske gjorde moralsk forkastelege ting, men minimerer skulda si ved å seie at dei måtte gjere det, det var staten som hadde ansvaret: «Den fransk-bulgarske filosofen Tzvetan Todorov hevdar at (…) i eit samfunn der staten hevdar å sitje på alle spørsmål om godt og vondt, rett og feil, og innbyggjarane heile tida blir pressa til å vise støtte til statens ideologi, blir innbyggjarane tvinga til å underkaste seg statens verdisett. Iallfall tilsynelatande. Svaret for mange blir å operere med eit skilje mellom det ein tenkjer og det ein gjer. Dei utviklar dermed ein illusjon om at det ein gjer, ikkje spelar noka rolle for kven ein er.»
I opningskapittelet i boka får vi til dømes høyre om ekteparet Vera Lengsfeld og Knud Wollenberger, der Knud arbeider for STASI og er angjevar av si eiga kone. Stasi har ein eigen plan for å følgje med på henne, som vart kalla Operasjon Virus: «I dei individuelle tiltaksplanane analyserte Stasi styrkar og svakheiter hos den overvakte (…) tiltak som ramma akkurat der det gjorde mest vondt», og det var mannen hennar som fora dei med opplysningar. Dei brukte psykisk terror for å straffe henne, ho miste jobben, og ho vart fengsla: «Medan ho sat fengsla, brukte Knud Wollenberger all den autoriteten han hadde i kraft av å vere ektemannen hennar, til å motarbeide støttedemonstrasjonane.» Slike forteljingar gir innblikk i eit samfunn som er fundamentalt forskjellig frå demokratiet, og likevel ein del av den nære forhistoria i Europa.
Boka er delt inn i kapittel som viser ulike menneske sine historier og erfaringar med DDR. Det er difor mogleg å bruke utdrag frå boka som utgangspunkt for refleksjonar både i samfunnsfag og i historie på vidaregåande. Dei gir eit innblikk i eit diktatur, der angjevarar og overvaking skjer mellom ektefeller, søsken og vennar. Elevane kjem nærmare historiske hendingar gjennom forteljingane til einskildindivid, og dei får reflektere over både moralske problemstillingar og samfunnsvilkår i vår nære forhistorie.
Utdrag frå boka: