Bjørn Hatterud fortel si personlege historie om korleis han hamna i høgblokka på Bjerke, korleis det var å bu der, og om prosessen med å flytte derifrå. Hatterud er ein glimrande forteljar, og det er lett å bli engasjert av det han skriv. Han fortel om funksjonshindringane sine, om kor mykje smerter og mange sjukehusinnleggingar han har hatt å stri med. Men han fortel ikkje for at folk skal synast synd på han, men heller forstå korleis det er å leve med det han sjølv omtaler som «ein kreativt samansett kropp».
Livet i blokka på Bjerke står sentralt i forteljinga. Han flytta dit då han var tidleg i 30-åra og hadde fått uføretrygd. Det var eit nederlag for han, samstundes gjorde det han i stand til å kjøpe seg ei leilegheit: «Jamaldrande fekk ferdig utdanning, arbeid og karriere, fast følgje og familie. Eg fekk trygd». Samstundes blei dette ei tid med svært dårleg råd og mange møte med NAV-kontoret. Det var mange tunge stunder: «Eg veit godt kva angst og depresjon er, og anbefaler det ikkje, om nokon gir deg tilbodet». Han fortel også kor mykje lettare det blei etter 2015 då reglane for det å kunne studere eller tene pengar ved sida av trygd blei endra. Kritikken mot korleis samfunnet handsamar og ser på folk på trygd, er tydeleg.
I blokka blir Bjørn kjent med naboen Bjarne, som var den første som flytta inn då blokka var ny. Bjarne høyrer dårleg etter eit langt arbeidsliv som maskinist, på båt og på Lilleborg fabrikkar. Bjarne har vore krigsseglar, men vil i liten grad snakke om det. Ester bur i første etasje, ho blir skildra som ei lita og omsorgsfull dame. Desse to blir gode vener av Bjørn, sjølv om dei er mykje eldre enn han. Bjørn har bil, og han tar med venene på køyreturar. Bilen er svært viktig for Bjørn, han omtaler bilen som føtene sine.
Hatterud reflekterer over bustadpolitikk og bustadprisar, og korleis dette slett ikkje er tilpassa dei med dårlegast råd, slik som Bjarne og han sjølv. Han skriv også om korleis livet i blokka har endra seg, både sidan 1961 og på dei tretten åra han har budd her. Dei eldste blir borte, og kunnskapen om blokka med dei. Det er også refleksjonar over korleis høgblokkene har endra status: «Dei mest ressurssterke rømte frå høgblokkene, mens dei fattigare vart igjen». Blokkene utgjer eit slags lokalsamfunn, men nå er både Coop-butikken og samlingspunktet på restaurant Dragens borte.
Eigentleg har ikkje Bjørn lyst til å flytte, men på grunn av helseutfordringane hans har Peder overtydd han om at det trengst. Han treng ein garasje til bilen og ein stad å bu nær T-banen. Peder og han har vore saman lenge, men nå skal dei endeleg bu saman. Det er ein minneprosess å flytte. Nå ser han igjen alle dei papira han har fått frå offentlege instansar opp gjennom åra, i motsetnad til den stadig veksande bunken papir han har samla på etter ulike oppdrag som kulturarbeidar. Han tenker over kor mykje jobb det har vore å ha kontakt med alle desse instansane, og kva ulike diskusjonar i avisene også har kosta av innsats og slit. Men han har fått det mykje betre, både kroppsleg og økonomisk.
Bjørn Hatterud har fått svært gode kritikkar for denne boka, og det er lett å vere samd. Han skriv godt, med sarkasme og sjølvironi. Her finst både skarpe utsegner og gode betraktningar. Om ein tenker at ein berre skal lese eit enkelt kapittel, kan det godt hende ein endar opp med å lese heile boka!
Utdrag frå boka: