Erna Osland og Victoria Sandøy: Barnas verdshistorie

Barnas verdshistorie av Erna OslandTid for ti: Undervisingsopplegg til eit utdrag frå boka

Så kjekt med ei faktabok om verdshistoria for barn!

Barna i verda har gjennom historia vore med på mykje spennande, farleg og interessant. I denne boka skildrar Erna Osland barna sin kvardag frå ulike tidsepokar i verdshistoria. Vi får høyre om barn som har vore jegerar, kongar, slavar, soldatar og arbeidd i gruver og fabrikkar. Gjennom levande historier og fakta frå verdshistoria reiser vi gjennom mange tusen år og høyrer om korleis barna har levd, leika, utvikla seg, lært nye ferdigheiter og tilpassa seg samfunnet elles.

Teksten har utfyllande illustrasjonar av Victoria Sandøy. Biletboka passar godt til høgtlesing, og inviterer til samtale og undring for nyfikne barn.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
Mona Celin Skrede: Mi høgre hand
faktabøker og sakprosa
Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde: Oppdrag Romvesen 1 – Den nye naboen
6–9
Jeswanthiny Mayoora: Aldri god nok
faktabøker og sakprosa