Grete Letting og Reidar Solberg: Den vesle stavkyrkjeboka

Illustrert av Bjørk Bjarkadottir
Foto: Jiri Havran

Kvar går ferieturen denne sommaren? Mellom badeland og eventyrparkar kan kanskje eit besøk i ei av dei mange stavkyrkjene våre vere ei fin og lærerik avveksling. Det finst ei i Sverige, nokre ruinar i Gotland og Danmark. Elles er stavkyrkjene eit særnorsk fenomen, og vi har heile 28 godt bevarte slike kyrkjer i Noreg. Urnes stavkyrkje er den eldste og mest verdifulle. Den står på Unesco si liste over verdas kulturarv.

Den vesle stavkyrkjeboka er ei faktabok for born om stavkyrkjer. Ein morosam og blid grøn drake viser veg bakover i tid, frå stad til stad. Han formidlar både faktisk kunnskap, spennande segner og sterke historier. Lesaren får vite korleis kyrkjene vart bygde, korleis vi kan finne ut kor gamle dei er, om utsmykking, ombyggingar og vern. Men vi får også høyre om huldrer som flytta kyrkjer dei ikkje ville ha i dalen sin, og om troll som kunne byggje flotte kyrkjer på berre tre dagar.

I teksten er enkelte ord kursiverte som stikkord, og lengst bak i boka finn vi ei ordliste som forklarar mange av desse. Forlaget Skald har fått støtte til utgjevinga av Norsk kulturråd og Det faglitterære fond. Ho er påkosta med både illustrasjonar, fotografi og ei variert formgjeving.

Teksten har eit lett og barnevenleg preg. Likevel er den så full av informasjon og fakta at ein vaksen medlesar kan vere god å ha for å svare på spørsmål og forklare undervegs. Det er fint å vere saman om den gleda det er å lære mykje ein ikkje visste frå før, kunnskap om vår eigen kulturarv som er viktig for vår forståing av oss sjølve som folk og nasjon.

Fleire boktips

Kari Stai: Flokken
9–12
Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel
6–9
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9