Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Hans Peterson og Ilon Wikland: Au, det gjer vondt!

Omsett av Ingebrigt Davik

Opplegg til boka
Bok på 1-2-3: Au, det gjer vondt! Tverrfagleg opplegg i kroppsøving og norsk.

Les boka på sida til Nasjonalbiblioteket:
Au, det gjer vondt!

Tvillingane Peter og Petra har det herleg ute på øya hos mormor og morfar. Her er sommar og sol og sjø og knausar og alle slags opplevingar. Men av og til går det gale, for tvillingane er fulle av liv og får stadig vekk skrubbsår eller meir alvorlege skadar. Men mormor veit råd, og førstehjelpsskrinet står klart til bruk. Vi får følgje Peter og Petra ei heil spennande sommarveke i skjergarden.

Dette er ei illustrert faktabok der dei første 47 sidene, om Peter og Petra, er i skjønnlitterær form. Resten av boka er ein rein førstehjelpsdel, først og fremst for vaksne. Illustrasjonane i boka er vakre og detaljrike og skaper ei heilt eiga stemning.

Sjølv om boka i utgangspunktet var skriven til bruk i heimen, for foreldre og born saman, fungerer forteljinga om tvillingane svært godt i klasserommet (1.–4., men også eldre elevar), gjerne på storskjerm og fordelt på fleire dagar. Eitt og anna ord har annan skrivemåte no, men om læraren forklarer dei, bør det gå knirkefritt. Bruk gjerne boka når de arbeider med tema som folkehelse og livsmeistring.

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
9–12