Jeswanthini Mayooran: Aldri god nok

Jeswanthiny Mayoora: Aldri god nokI serien Norsk røyndom skriv utvalde forfattarar om den norske samtida. Viktige tema vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Bøkene gir eit unikt innblikk i tema som pregar Noreg i dag, og korleis dei påverkar kvardagen til folk. 

I denne boka skildrar Jeswanthini Mayooran sin eigen oppvekst og kamp for eiga helse og sjølvstende. Forfattaren er fødd av tamilske innvandrarforeldre på vestkysten av Noreg, og tek føre seg ambisjonspress og forventingar frå foreldre – som kan vere på tvers av den unge sine eigne ønske og eigenskapar.  

Mayooran er i dag overlege i psykiatri, og hennar personlege erfaringar og innsikt er ærleg og modig skildra gjennom fortellinga om kulturkollisjonen mellom det norske storsamfunnet og ein familiekultur som både ønsker å ivareta tradisjonar og å kome seg opp og fram i eit nytt land. Sjølv lytta Mayooran til foreldra, og valde til dømes medisinstudium i staden for ei skrivande karriere. Å lytte til foreldra har kosta henne mykje både som barn, ungdom og vaksen – sjølv om Mayooran i dag er heime i ei sjølvvalt spesialisering innanfor psykiatri. Boka gir djupt reflekterte tankar om tilhøyrsle, respekt og kjærleik for foreldre, og innsikt i eigne ønske og sjølvkjærleik som kan forsvinne i ytre forventingar.  

I innvandrarmiljøa (men også tradisjonelle norske miljø) kan det vere forventingar om å leve opp til foreldre sine forventingar, særleg kring anerkjente yrke som lege. Mayooran tar oss ærleg og vondt inn i presset, og korleis det har påverka identiteten og den psykiske helsa hennar. Vi blir vitne til ein konflikt i forfattaren sitt nære liv, og det hjelper til å forstå korleis desse dynamikkane kan fungere og kva konsekvensar det kan gi. Som lesar blir eg audmjuk og meir tolerant, og lesinga skaper refleksjonar også om korleis vi i Noreg kan møte medmenneska våre. Mayooran skriv skarpt og nyansert. Boka er treffande og kan og bør lesast – uavhengig av bakgrunn og grad av press, og med ønske om forståing. Ho passar norskfagleg og tverrfagleg i vidaregåande opplæring og høgare utdanning.  

Fleire boktips

Jens Kihl: Blakk
unge vaksne
Mona Celin Skrede: Mi høgre hand
faktabøker og sakprosa
ungdomsbøker
Bokomslag: Innanfor. Utanfor: men alltid autist
faktabøker og sakprosa