«– Vil du vere saman med han, Mone? Vil du? Hallo-o! Kom an, svar då!»
Før bussen køyrde inn på haldeplassen utanfor skulen, hadde eg gjeve opp.
«– Ja … Okei, då. »
Ein ørliten del av meg – eg ville aldri innrømt det der og då – lurte på om eg hadde fått min første kjærast.
I matpausen samla det seg ein stor gjeng rundt meg.
«– Det var berre kødd! Trudde du verkeleg at han ville vere i lag med deg?!»
I serien Norsk røyndom blir utvalde forfattarar inviterte til å skrive personleg og kunnskapsrikt om aktuelle tema i den norske samtida. Desse bøkene gir unike innblikk i norsk verkelegheit, og kan vere eit bidrag til rørsla for jamstilling og likeverd. Dette er tankevekkande lesing og oppdatert folkeopplysing, pakka inn i eit godt design som passar i lomma. Bøkene kan lesast kvar for seg og meir samla.
Mone Celin Skrede debuterer som forfattar med eit svært viktig bidrag for mangfald og likestilling for funksjonshemma. Ho er fødd med ei høgrehand som er mindre enn den venstre. I boka fortel ho korleis det er å vekse opp i distriktet på 90-talet utan å identifisere seg som funksjonshemma. Skrede skriv om vegen, kampen og manøvreringa fram til i dag – der ho har denne identifikasjonen, tilhøyrsla og endeleg eit meir helsebringande og berekraftig liv. Skrede er utdanna og har brei erfaring som journalist, og i dag arbeider ho med kommunikasjon i Uloba, ein organisasjon som fremjar likestilling for funksjonshemma og borgarstyrt personleg assistanse (BPA).
Boka er kunnskapsrik og viser til godt dokumenterte kjelder historisk og for statusen til målgruppa. Skrede målar med brei pensel for å skildre korleis liv, tid og tema heng saman. Eg opplever dette som viktig for å nyansere, menneskeleggjere og formidle kunnskap og innsikt til storsamfunnet og enkeltmenneske. Språket er lett, kvardagsleg og tidvis humoristisk – samstundes som det er fagleg fundert. Skrede skriv truverdig og teksten er strukturert etter tema.
Funksjonshemma er ein minoritet som kjem etter i likeverdskampen. I boka får vi hudlause skildringar av utanforskap, hjelpeapparatet, diskriminering og å finne sin plass i seg sjølv og samfunnet. Vi alle har ansvar og deltek i mangfaldssamfunnet. Eit mangfaldssamfunn er eit samfunn der menneske med ulike bakgrunnar, kulturar, språk, livssyn og identitetar lever saman. Det byggjer på respekt for ulikskap og likeverd, og gir rom for at alle kan delta og bidra. Målet er å skape fellesskap utan å viske ut forskjellar. Eg vil tilrå å lese Skrede sitt bokbidrag i vidaregåande opplæring og høgare utdanning norskfagleg, tverrfagleg og innanfor profesjonsstudiar. Det er også ei bok som politikarar, leiande innanfor utdanning og helse bør lese.



