Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Ørjan Zazzera Johansen: Erling Braut Haaland frå liten til størst

Same forfattar har tidlegare gjeve ut boka Historia om Erling Braut Haaland (2022). Det er ei sakprosabok som følgjer den kjende fotballspelaren frå han vart fødd, til han enda opp i Manchester City. No har Zazzera Johansen gjeve ut den andre barneboka si: Erling Braut Haaland frå liten til størst.

Her vert historia fortalt gjennom ein eg-forteljar, ein gut som spelar på same lag som Erling på Bryne. Dette er eit grep som vil kunne fengje barnelesarane. På slutten av boka får vi vite at forteljaren i denne boka ikkje er verkeleg. Han er bygd på fleire av lagkameratane til Haaland.

Lesarane av boka får høyre meir om kor mykje Erling Braut Haaland trente då han var barn. Han spelte på Bryne G99, sjølv om Haaland var fødd sommaren 2000. I byrjinga var han ein av dei minste på laget, men etter kvart vaks han seg stor. I forteljinga får vi også høyre om korleis den raske veksten i ein periode skapte utfordringar for den unge fotballspelaren.

Lurer du på kva som gjorde at Haaland vart best? Korleis han klarte å trene opp både høgre og venstre fot til å skyte ballen treffsikkert i mål? Korleis han var som lagkamerat? Då er dette boka for deg.

Målgruppa for begge Haaland-bøkene er 9–12 år. Vi trur både yngre og eldre fotballinteresserte kan finne stor leseglede i desse bøkene. Begge bøkene er relativt lettlesne. Den første boka (154 sider) inneheld fleire detaljar frå kva som skjedde etter at karrieren i utlandet skaut fart. Denne andre boka (94 sider) handlar mest om tida på Bryne og i Noreg, og ho er kanskje endå lettare å lese for dei yngste i målgruppa.

Den første boka inneheld både fargebilete frå ulike fotografar og illustrasjonar i farge av Thomas Kirkeberg. Denne andre boka inneheld illustrasjonar i svart-kvitt av Kristoffer Kjølberg.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Elen Betanzo: Kjenner du Becker?
9–12
Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12
Guro S. Auganes: Katteskriket
9–12
9–12