Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Merete Løvoll Rønneberg og Berit Barlaup: Gaute Gneis får eit oppdrag

historia om Moder Mantel og Bergfolket

Utgjevar: Stiftinga Geirangerfjorden Verdsarv

Med ellevill fantasi, humor og leikande språkbilete tek forfattaren oss med inn i eit eige rike der bergartar, mineral, elver og isbrear vert levande og fortel historia om korleis fjordlandskapet vart til. Vi fylgjer Gaute Gneis frå han vart hiksta ut av Moder Mantel fram til han stikk hovudet opp av jordoverflata og møter Kupe Bre. Undervegs vert Gaute Gneis kjend med ei rekkje figurar frå Bergfolket gjennom dramatiske hendingar, vennskap og spenning. Boka om Gaute Gneis er ei skattekiste for den som ynskjer å skape interesse for natur, geologi og elementa som har forma landskapet vårt. Dette er vanskelege fagfelt, men boka flettar saman fakta og fantasi, forenklar og skaper nysgjerrighet. Illustrasjonane forsterkar opplevinga, og er ei oppdagingsreise i seg sjølve.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12