Stine Hanssen Brattland: Innanfor. Utanfor. Men alltid autist 

Bokomslag: Innanfor. Utanfor: men alltid autistMed boka Innanfor. Utanfor. Men alltid autist gir Stine Hanssen Brattland ei personleg og viktig skildring av korleis det er å leve med autisme, før og etter diagnose og forståing. Brattland er fødd i 1983, og bidreg no i det offentleg ordskiftet for auka kunnskap, forståing, helse og moglegheitsrom for menneske med autisme – generelt, og spesielt for vaksne (kvinner) som blir diagnostiserte først i vaksen alder.  

Boka fortel livshistoria når det kjem til utanforskapet Brattland har streva med utan å forstå kvifor. Til trass for eigenskapar og handlekraft har forfattaren streva med sosiale og faglege kontekstar og forventingar – og har møtt neglisjering og i det ytste psykisk og fysisk vald. Ho har vore i arbeids- og velferdsforvaltinga i ei årrekke i kampen for å vere inkludert i arbeidsliv og samfunnsliv. Vi blir med Brattland inn i den årelange kampen frå barndom til nærmast midt i livet – gjennom tiår og tider, før diagnosen autisme kjem på plass. Ho deler sterkt og personleg om erfaringane i å leve utanfor samfunnet sine rammer, og korleis ein diagnose har hjelpt henne til å forstå, elske og å kunne ta vare på seg sjølv og livet sitt.  

Boka ønsker å vere eit bidrag for at fleire skal få finne sin plass i verda, til trass for at ein kan kjenne seg annleis med det som kan vere grunna i nevrodivergens. Nevrodivergens er eit omgrep for variasjon i hjernefunksjonar som avvik frå det som vert sett på som typisk eller «nevrotypisk». Dette omfattar ei rekke tilstandar som autisme, ADHD, Tourettes- syndrom og dysleksi. Omgrepet understrekar at det er eit naturleg mangfald i korleis folk tenker, lærer og samhandlar. Nevrodivergens er ikkje ein sjukdom, men eit uttrykk for at hjernen fungerer annleis. Mange nevrodivergente opplever at dei treng tilrettelegging for å kunne fungere i eit samfunn som ikkje er tilpassa gruppa. 

Boka er lettlesen, lærerik, og til ettertanke og engasjement. Ho er i serien Norsk røyndom, der Samlaget inviterer utvalde forfattarar til å skrive om aktuelle tema i den norske samtida. Temaa vert presenterte i kort format, med eit personleg utgangspunkt. Denne boka passar i vidaregåande opplæring og høgare utdanning norskfagleg, samfunnsfagleg og profesjonsretta. Ho finst også som lydbok.  

Kjelde:
Ringsevjen, H. (2024): Nevrodivergent. Store Norske Leksikon på snl.no. 

 

 

Fleire boktips

Jens Kihl: Blakk
unge vaksne
Mona Celin Skrede: Mi høgre hand
faktabøker og sakprosa
ungdomsbøker
Jeswanthiny Mayoora: Aldri god nok
faktabøker og sakprosa