Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Teresa Grøtan: Klara kan – mykje rart om klede

I Klara kan – mykje rart om klede finn Klara ut at klede er laga av dei merkelegaste ting: plastflasker, ormespytt, bambus, brennesle, bananar, kaffi, korn og mjølk. Klara er ei nysgjerrig jente som spør og spør heilt til ho finn svara, og ho fortel vennene sine kva ho har funne ut. Det dumme er at røynda av og til kan vere så merkeleg, at vennene hennar ikkje trur på alt ho seier.

Teresa Grøtan har med andre ord ikkje skrive rein sakprosa denne gongen. I 2009 gav ho ut Globaliseringsboka, ei debattbok for ungdom om konsekvensar av globalisering. I den boka kopla ho personlege erfaringar og fakta på ein treffsikker måte. Med denne nye serien om Klara, rettar ho seg inn mot ei yngre målgruppe, fortsatt med faktaformidling som ei viktig målsetjing, men her er kunnskapen ramma inn av ei skjønnlitterær forteljing.

«Eg trur ingenting på det» og «Eg trur heller ikkje på det» erklærer venninnene Alma og Signe, når dei får høre at kjolen til Klara er laga av ormar. Skal ho trekkje det tilbake eller forsøke å overtyde dei? Og korleis skal ho overtyde når ho ikkje er heilt sikker sjølv? Heldigvis har Klara ei storesyster som hjelper ho med å finne ut av tinga, og meir kunnskap blir svaret på problemet.

Serien om Klara skal handle om dei tinga vi har kring oss i kvardagen. Det er mange fascinerande fakta og spennande forteljingar knytt til dei tinga vi bruker og ser kvar dag, og som både barn og vaksne kan bli klokare av å lese. Denne første boka om klede eignar seg også godt til sjølvlesing: kunnskapen er pedagogisk formidla med korte kapittel og mange fargerike illustrasjonar. Den neste boka om Klara skal handle om mat.

Fleire boktips

6–9
Frost
3–6
3–6
3–6