Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Silja Aldudóttir: Udyret i tunnelen

Silja Aldudóttir: Udyret i tunnelen

Åsta vert plaga på skulen. På fritida gøymer ho seg difor mykje ute i skogen, der ho kjenner seg trygg og fri. Ein dag ser ho brått eit nytt menneske der ute mellom trea – ei jente med mørkt hår og gul anorakk.

Etter kvart vert Åsta og jenta, som heiter Lone, kjende med kvarandre, og saman vert dei sette på ei utfordring når dei kjem på sporet av ein ukjend, kjempestor skapning som lever i tunellane under byen. Det syner seg at dette udyret utløyser både flaumar og jordskjelv, og at det har vokse seg for stort for tunellane det lever i. Snart vert det difor tydeleg for Åsta og Lone at noko må gjerast for å redda både udyret og byen – men kva? Udyret i tunnelen er ei original og spanande forteljing, omsett frå færøysk av Lars Moa.

Fleire boktips

Ana Pêgo: Plasticus maritimus
9–12
Elen Betanzo: Kjenner du Becker?
9–12
Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12
Ørjan Zazzera Johansen: Erling Braut Haaland frå liten til størst
9–12