31 dagar i oktober er ei nedteljingsbok til halloween. For kvar dag i oktober er det eit nytt kapittel.
Odin som går i 6. klasse, gruar seg til å spele fløyte på halloween-konserten. I tillegg skal dei ha gruppearbeid om halloween ein heil månad.
Odin kjem på gruppe med Sigrid og Julie. Dei to er besteveninner, og Odin er redd for å kjenne seg utanfor. Temaet for arbeidet er hekser. Dei bestemmer seg for å skrive om ei lokal heks som budde i ei gammal hytte i skogen i Skoglia. Denne heksa var kjend for å lokke til seg barn som ho steikte og åt.
Først søkjer Odin, Sigrid og Julie etter informasjon i ei gammal bok på skulebiblioteket. Deretter bestemmer dei seg for å reise ut i skogen for å sjå om dei finn den gamle hytta.
Ein kveld vert ein gut på 7 år forgifta. Det viser seg at ein kappekledd person har gjeve han peparkaker med sovemedisin. Planen til den ukjende er å lokke barn inn i skogen.
Det skjer mystiske ting både på skulen og i området der dei bur. Odin, Sigrid og Julie går inn i roller som etterforskarar for å finne ut kven som står bak.
31 dagar i oktober er ei spennande bok for målgruppa 9–12 år. Forteljarperspektivet vekslar mellom å vere den ukjende som lokkar barn (markert i kursivert tekst), og ein forteljar som fortel om korleis Odin opplever alt som skjer. Boka er illustrert av Bård Sletvold Torkildsen.
Mot og einsemd er to sentrale tema i boka. I starten av boka kjenner Odin seg einsam og usikker i klassen. Når han kjem på gruppe med Sigrid og Julie, utviklar det seg eit venskap mellom dei. Odin kjem i situasjonar der han må vere modigare enn han sjølv trudde han var.
Utdrag frå boka:



