Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Guro S. Auganes: Katteskriket

Undervisingsopplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg til eit utdrag frå boka

Katteskriket er ei mystisk spøkelseshistorie i Maria Gripe-stil. Det vil mellom anna seie spenning med skrekkromantiske effektar realistisk fortalt. Boka er illustrert av Line Halsnes.  

Vi møter Julie som er 11 år. Ho lever saman med mødrene sine, men no skal ho overnatte eit stykke unna og aleine hos besteforeldra i heile tre netter. Julie er redd for å sove heimanfrå, og ho og dei vaksne har bestemt at ho skal øve seg til hausten. For då skal ho på overnattingstur til Göteborg med bestevenninna si.  

Problemet er at Julie har gløymt kor skummelt det er i huset hos besteforeldra! Alt er gammalt, mørkt og luktar rart. Kva er det med det gule rommet der Julie skal sove? Kva er det for eit skjerande skrik som vekker ho om natta? Og kvifor blir ho så svimmel av å vere der?  

I nabohuset bur tante Ingrid. Ho og bestefar får ikkje lov til å seie noko om hemmelegheita bestemor viser seg å bere på. Saman, men mest aleine, nøstar Julie i eit virvar av heimlengt, kattar, gamle hemmelegheiter og familiehistorie, songar som syng i draumar – og om spøkelse.  

Sov, sov, vesle venn, 

kvelden er komen igjen, 

du kan kvile no, slapp av, ligg i ro. 

Sov, sov, vesle venn, 

la røynda di flyte forbi. 

Då tek draumen deg  

inn i ei anna tid. … 

I Katteskriket er det klassiske element med ei mystisk raud dør, krypande kvit tåke, korte kapittel, og ei nær og intens forteljarstemme. Dette er gøy og grøss for mellomtrinnet. Det handlar også om tilhøyrsle, relasjonar, meistring og å finne sin plass.  

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12
Terje Torkildsen: Jernvilje
bøker med undervisingsopplegg
Harald Nortun: Kode 6 –Ingen må vite kven du er
9–12
Silja Aldudóttir: Udyret i tunnelen
9–12