Runar K. Dahle og Annette Saugestad Helland (ill.): Over mitt lik

Over mitt lik Astrid og familien har nyleg flytta til Bergen. Mora er sengeliggande. Faren er nattevakt i Ghostbnb, eit firma som leiger ut heimsøkte hus til turistar. 12-åringen Astrid og veslebroren Even får bli med faren på oppdrag.  

Det finst ein viktig regel: Ein skal aldri kommunisere direkte med spøkelsa. Astrid bryt denne regelen. Etter kvart dukkar det opp spøkelse fleire stader. Kva ønsker dei å fortelje til Astrid?  

På skulen kjenner Astrid seg einsam, men så dukkar Ina opp. Dei to vert besteveninner og opplever både rare, fasinerande og farlege ting saman.  

Eg trur denne boka passar godt for elevar på mellomtrinnet som likar spenning. Ho inneheld 226 sider som er fordelte på 26 kapittel. Annette Saugestad Helland står bak illustrasjonane i svart-kvitt, som vi finn på ein del av sidene.

Intervju med forfattar Runar K. Dahle

Kvifor bør barn lese boka di?  

For å le, bli redde og føle seg mindre åleine. Ofte er det svært lite rasjonelt eller logisk knytt til ting vi er redde for. For eksempel kan nokon grue seg for å rekke opp handa i timen, men samtidig synest det er null stress å overnatte i eit heimsøkt hus langt ute i hutaheiti. Vi menneske er rare, og godt er det. 

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?  

I utgangspunktet begynte eg å skrive om ei jente som spelte på metallstrengane på ein eggedelar, som om det var ei slags miniharpe. Draumen hennar var å opptre med KORK. Ideen kom til meg ein søndag morgon ved frukostbordet då ein i familien min bad meg sende eggedelaren og eg begynte å klimpre på den i staden. Så enda eg opp med spøkelse og heimsøkte hus i staden. Av og til må ein berre følge historia dit ho tar deg, sjølv om det betyr at du endar opp ein heilt annan stad enn du hadde sett for deg. 

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?  

Dersom spøkelse finst, som eg skriv i boka, så trur eg dei ville hatt stor glede av boka mi. Kanskje ville dei sett pris på å lese ei spøkelseshistorie som er snudd på hovudet, så å seie, der vi levande er vel så skumle. Sidan handlinga i boka går føre seg i Bergen, ville nok bergenske spøkelse vore perfekte lesarar av boka. Så det korte svaret på kven som vil ha størst glede av å lese boka mi, må bli: døde bergensarar. 

Kva meiner du kjenneteiknar ei god bok for 9–12-åringar?
Her har eg rådført meg med eldstedottera mi på ti år. Ho seier ei god bok ofte har noko ein kan kjenne seg igjen i, for eksempel noko frå kvardagen hennar. Ho meiner ein konflikt ofte er nødvendig i bøker, noko som gjer at ein blir engasjert og bryr seg om kva som skjer. Då er det også viktig at ein bryr seg om hovudkarakterane, og at dei er truverdige. Ho synest ikkje det er kult med banning i bøker for 912åringar, slik som i mi, og det tar eg til etterretning. 

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse denne målgruppa om å lese, og kvifor?
Akkurat no held vi på å lese Misty åleine av Trude Tjensvold. Denne boka har ikkje ein hovudperson, men ein hovudhund. Det synest eg er ganske stilig. Det er ikkje ein hund som kan snakke eller noko, men ein ganske vanleg hund, mellomstor, kvit, og med brune flekkar. Det er ein krig i landet der Misty bur, og i byrjinga av boka kjem ho bort frå familien sin og bestevennen Ruben. Eg veit enno ikkje om ho finn han igjen. 

Neste bok ut her i huset er Veronika Erstads Saga og Storm bli IKKJE kjærastar. Eg likar godt bøkene til Erstad, ho skriv for både vaksne og barn, og bøkene er like gode uansett kven ho skriv for. 

Kategoriar

Fleire boktips

intervju
Oskar Kroon: Kvitveis og pissrotter
9–12
Rakel Helmsdal: Torebrak
9–12
6–9