Ein Jacob Juul-roman
Til døden skil oss (2024) er oppfølgjaren til Anders Totlands første bok om presten Jacob Juul, Til jord skal du bli (2022). I denne boka møter vi den pensjonerte presten Juul, som på ny har vikla seg inn i eit sant kaos. Denne gongen må han hanskast med ein daud mannekropp innsmurd i babyolje, eit krevjande kvinnemenneske, eit nærståande bryllaup, hemntørste albanarar, ei stygg hoste, og ikkje minst barnevernet som truar samværet mellom han og barnebarnet Izzy.
Etter at Jacob Juul pensjonerte seg, har Maria teke over prestegjerninga. Maria, som er som eit familiemedlem å rekne, skal no gifte seg med si høggravide Gjertrud på prestegarden. Juul har tatt på seg ansvaret som vertskap for bryllaupet og har mykje han må førebu i det som er ein brennande heit sommar. Helsa hans er ikkje som ho ein gong var, og han trøystar seg med tanken på at det mest sannsynleg er varmen som tek knekken på han. Men kan det eigentleg vere noko meir alvorleg? Som om ikkje det var nok, kjem bruras mor, den eksentriske Solveig Myklebust, for å bu på garden – på eit svært dårleg tidspunkt.
«Ho kom veltande gjennom bussen, som noko det svære køyretøyet hadde svelgt vrangt og prøvde å få ut igjen. Store, lause klede, stor veske, stort hår, store sveittedropar nedover ei imponerande kløft – og to store koffertar som bussjåføren hjelpte henne ut med. Dette var altså Solveig Myklebust. Mor til Maria».
Når det attpåtil kjem ein skadeskoten mann ut frå skogen, som insisterer på at Juul ikkje skal kontakte politi eller sjukehus, vert situasjonen endå meir komplisert. I det Juul skal til å ringje 113, får han ein telefon frå Sander Wallander Ramnefjell, Izzys morfar og gangsterleiar for Dirty Pigs. Den skadde mannen viser seg å vere Timmy, ein som Ramnfjell reknar som sin eigen son. Juul står igjen ovanfor fleire dilemma: Kjem han til å klare å halde Izzy utanfor dette kaoset? Vil Rønnaug frå barnevernet ane ugler i mosen? Og kva konsekvensar vil desse vala ha for framtida hans og dei han er glad i?
I likskap med den første boka om Jacob Juul får også denne boka lesaren til å dra på smilebanda. Ho er lettskriven og lett tilgjengeleg for både ungdom og unge vaksne. Boka inneheld fleire gode skildringar av håplause situasjonar, og nokre saftige språklege bilete. Alt i alt gir Til døden skil oss (2024) lesaren absurde hendingar og fargerike karakterar. Sjølv om dette er ein oppfølgjar, kan boka fint lesast som ei frittståande forteljing, utan at ein har lese den første. Dette er nok ei bok som vil glede gamle Jacob Juul-fans og nye lesarar som er ute etter ein lettlesen og underhaldande roman.