Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Anders Totland: Til jord skal du bli

Anders Totland: Til jord skal du bliJacob Juul er pensjonert prest, leiar i birøktarlaget og sprithandlar. Snart er det jul, og ein kan nok driste seg til å seie at Jacob Juul får oppleve ei julefeiring av dei sjeldne. For på ein dag vert han bestefar, drapsmann og enkjemann. Men det er ikkje kona han tek livet av, altså.

Boka byrjar i det Jacob Juul står midt på det snøfylde tunet, iført tøflar, med den nyleg avfyrte jaktrifla i handa. Framfor han ligg to daude torpedoar i den kvite julesnøen, og Jacob Juul undrar svært på korleis han har hamna i dette uføret. Snart dukkar også eit nytt barnebarn opp, Isabella Donnatina, med barnevernet på slep. Korleis skal han forklare raude blodspor i den kvite nysnøen, og lik i spritskjulet?

Jacob Juul har vore prest på Finnskogen i ei årrekke. Han og kona Margot flytta hit for mange år sidan, saman med sonen Knut-Halvard. Det var ikkje enkelt å gli inn i den lokale kulturen, og etter eit mislukka forsøk på å legge om frå vestlandsdialekt til dialekta i dei djupe austlandsskogane, melde Jacob Juul seg inn i birøktarlaget. Her fekk han endå fleire tips om korleis han kunne minske kulturforskjellane. Eit tema som birøktarlaget var opptekne av, var den lokale kulturaktiviteten spritbrenning, som visstnok den tidlegare presten også hadde drive med.

Då kona Margot blei sjuk, og Jacob Juul trong pengar til auka omsorg, vart ikkje spritbrenninga berre ein måte å kome nærare den lokale folkesetnaden, men også ei kjærkomen inntektskjelde. Knut- Halvard reiste heimanfrå som 18-åring, og tok lite kontakt med heimen, og Margot hamna etter kvart på sjukeheim. Og spritpengane hopa seg opp, så Jacob kunne kjøpe prestegarden, og endåtil gøyme unna litt i bikubane i spritskjulet.

Denne burleske forteljinga handlar kanskje ikkje så mykje om det åndelege forholdet prestar har til julefeiring og gravferder, men meir om underfundig humor, overraskande krumspring, sprudlande forteljeglede og mellommenneskelege forhold som er viktige for oss menneske. Boka er kort, lett å lese, og får deg til å humre. Forteljinga er ikkje nokon typisk krim, men ein «godkjensle-roman», til trass for mord og andre kriminelle innslag. Romanen rommar mange kontrastar og absurde situasjonar, og i tillegg gir skildringar av snøballkrig, sprø svineribbe og nysnø også litt julestemning.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker