Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Arnfinn Kolerud: Kom ikkje inn i mitt hus

Å tulle med nynorsken og den norske språkstriden er ein risikosport. Nokre av dei som har prøvd seg med det dei siste 150 åra, har fått røyne det, med rasande tilsvar frå illsinte målfolk.

Det gjeld neppe Arnfinn Kolerud. I så fall er det frå folk med uvanleg dårleg utvikla humoristisk sans. Han har skrive to bøker om målfanatikaren Bendik Uføre sin hemningslause kamp for nynorsken i Vassbygdi/Vassbygda, verdas siste bygd der nynorsk framleis er hovudmål: Når ein først skal skyte nokon og Kom ikkje inn i mitt hus.

Her er det eit frodig persongalleri, friske ordspel og ei handling som renn over av referansar til den norske språkstriden. Bendik (som køyrer Toyoti) og dei gode hjelparane hans (ei av dei køyrer Auda) har eit utal originale prosjekt på lager for å nedkjempe bokmåldominansen rundt seg. Ikkje alle er like vellukka, men det legg ingen dempar på motivasjonen.

Teksten er lettlesen og delt inn i mange små kapittel med pirrande titlar som «Naken dame slår gras», «Det vakkar på seg» og «Bendik Uføre opnar hanskerommet til Sylvia.» Dialogane er smått absurde med uventa vendingar og poeng.

Bøkene høver best for ungdom og vaksne med sans for språkleg humor og i alle fall litt interesse for den særnorske språkstriden.

Forlaget presenter bøkene som dei to første i ein trilogi. Vi ser fram til å få siste delen av denne absurde forteljinga. Då får vi kanskje vite om mordet på bjørnen Ivar i Dyreparken i Kristiansand blir oppklara. Han måtte bøte med livet fordi han var i ferd med å bli meir kjend enn sjølvaste Ivar Aasen.

Les bokomtale av den første boka, Når ein først skal skyte nokon.
Les bokomtale av den tredje boka, Gamle menn i syningom.

Utdrag frå boka

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker