Dette er den tredje boka i serien Alien i klassen. Vegard Markhus er både forfattar og illustratør. I den første boka, Mitt liv på feil planet, møter vi Ulrik som er heilt åleine. I oppfølgaren, UFO-gjengen, har Ulrik fått seg to gode venner. I den tredje boka, Fake news, får UFO-gjengen mykje å handtere.
Det heile startar med at Ollibolli dukkar opp på skulen, men denne gongen er det ingen frå UFO-gjengen som er inne i romvesendrakta. Ulrik, Fia og Bob har ein mistanke om at det er den gamle rektoren, Reke-Tor, som har stole drakta. Reke-Tor liker ikkje barn, og skulen var eit mareritt då han var rektor.
Etter at Reke-Tor vart avslørt som tjuv og mista jobben som rektor i bok nr. 2, fekk dei ein ny rektor på skulen. Han heiter Hektor-Rektor og er verdas beste rektor. Når den nye Ollibolli dukkar opp på skulen, byrjar det å skje mange rare ting. Nokon legg våte klutar på stolane til elevane, løyser ut brannalarmen og tusjar ned heile skulen. UFO-gjengen veit kven som står bak, men utfordringa er at ingen trur på dei. No må dei samarbeide for å skaffe bevis på kven som er den eigentlege syndaren.
Målgruppa for denne serien er barn i alderen 6–9 år. Alle dei tre bøkene er lettlesne og gjennomillustrerte. Serien har fin kominasjon av både humor og spenning, noko som gjer bøkene underhaldande å lese for både barn og vaksne.



