Jenny Lund Madsen: Tretti dagars mørke

Omsett frå dansk av Maren Barlien Guntvedt

Hovudpersonen er den eksentriske forfattaren Hanna Krause-Bendix, 45 år. Ho har gjeve ut fire romanar som ho har fått gode kritikkar for. Ho har også blitt nominert til gjæve litterære prisar, som ho ikkje har tatt imot. Lesarskaren hennar er derimot ikkje stor, og ho blir rekna for å vere ein elitistisk forfattar. Nå har ho fått skrivesperre.

Forleggaren hennar heiter Bastian, og Hannah er den einaste seriøse forfattaren som gjev ut bøker på forlaget hans. Han synest Hannah sel for få bøker, og at ho er vanskeleg å ha med å gjere. Han tenker mest på det kommersielle og insisterer på at Hannah må bli med på ei bokmesse. Ein annan forfattar på forlaget er Jørn Jensen, han skriv kriminalromanar som sel godt. Hannah hatar Jørn, og synest bøkene hans manglar ånd. På bokmessa blir han intervjua, og Hannah kastar ei av dei bestseljande bøkene hans etter han. Jørn unngår så vidt å bli treft, og det utartar til ein krangel mellom dei to. Så seier Hannah: «Om ein månad har eg skrive ein krim som er betre enn du nokon gong har gitt ut». Dette synest Bastian er ein kjempegod idé og god PR. Han tilbyr Hannah ein månads skriveopphald på Island der ho skal bu i huset hos Ella i ei lita bygd med 1200 innbyggarar. Det er november.

Baren Bragginn er samlingspunktet i bygda. Her møter ho den einaste politimannen i bygda, Viktor, den uflidde Gísli som har vore professor i matematikk, bareigaren ho kallar for Skinnvesten, kvinna med hunden og «livstrøytte eksfiskarar». Ein dag blir sytten år gamle Thor funnen omkommen i hamna etter eit uhell. Han er nevøen til Ella, vertinna hennar. Etter kvart veks mistankane om at det ikkje har vore ei ulykke, men at det dreier seg om eit drap.

Samstundes begynner Hannah å skrive på romanen sin, tydeleg inspirert av hendingane i bygda. Ho blir også svært nysgjerrig etter å finne ut kva som eigentleg har hendt med Thor. Skrivinga og etterforskinga har likskapar, og Hannah mistenker folk etter tur. Ho er ganske håplaus som etterforskar, og seier stadig ting som ho burde ha sagt annleis eller ikkje i det heile. Ho får overtalt Viktor til å innvie ho i etterforskinga, og trør sjølv over mange grenser. Ein dag dukkar forfattarfienden Jørn også opp på Island. Korleis skal ho handtere han?

Romanen skildrar godt korleis folkesnakket er i ei lita bygd. Det gjeld mellom anna kven som er i slekt med kven, kva som har hendt i fortida, kva som kan vere motivet for drapet, og kven som har alibi. Så set det inn med eit skikkeleg uvêr, og det bygger seg opp til ei dramatisk, spennande og uventa avslutting av romanen.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

Andrea Rudland Haave: Sytten, snart atten
intervju
Aina Basso: Før det blir morgon
unge vaksne
Brynjulf Jung Tjønn: Norsk kjærleik
dikt
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju