«Eg har funne ut så mykje som bør koma for ein dag. Om sorg og overgrep. Om tragiske menneskelagnader. Dramatisk som ein roman. Akkurat nå er eg på sporet av ein kjerne i det heile. Dei nærmaste dagane blir avgjerande».
Slik stod det i ei av dei siste meldingane Tuva Veldig har fått frå Eva Lindbo. Tuva er lokalavisjournalist og har overraskande nok fått ein intervjuavtale med Eva. Eva var ein gong ei kjent skodespelarinne, men har trekt seg tilbake frå rampelyset og slått seg ned på Finnskogen. Dei siste dagane har dei ikkje hatt kontakt, men Tuva satsar på at avtalen gjeld likevel. Ho drar til huset til Eva, men finn ingen der. Nede i kjellaren finn ho ein person som heng frå taket. Det ser ut som sjølvmord, og Tuva kontaktar politiet.
Tuva blir i bygda og undersøker meir. Kurt Rønning er ein slektsgranskar og har funne ut noko om farsslekta til Eva. Faren til Eva, Karl Jørgensen, var tater og drapsmann, seier Rønning. Liket av den drepne vart funne ved Röjdenkorset, ein spesiell stad i skogen der det ikkje veks gras eller plantar. Rønning meiner også at Eva hadde indre djevlar og var veldig ulykkeleg, og at det var noko gale med forholdet til dottera, Erle Frogner.
Politiet slår fast at Eva har vore død eit par veker, og har merke etter vald. Ho har overført tjue tusen til dottera si og tatt ut tjue tusen i kontantar før ho døde. Det kjem etter kvart fram at Eva har hatt besøk av både dottera og eksmannen, Preben Morberg, i dagane rundt drapet. Dei to har ulike forklaringar, og det kjem fram at noko har hendt mellom Eva og dei for tolv–tretten år sidan. Sambuaren til Erle, Ronald, driv også med lysskye aktivitetar. Men er noko av dette motiv for mord?
Nokre kapittel tar oss tilbake i tida til før verdskrigen og framover på femtitalet, og vi får lese om Karl Jørgensen og familien hans. Han var av taterslekt, og hadde mykje uro og utferdstrong over seg. Han gifta seg med kusina Karen, og dei fekk eit dødfødd barn. Samtidig fekk han barn med Randi. Han blei også ven med Wilhelm, som han gav ein fin kniv. Wilhelm var med følgjet til Karl ein periode, men forsvann. Sidan utdanna Wilhelm seg til lege, og var den som blei funnen drepen på Röjdenkorset. Eva har undersøkt slekta si, og har funne ut at Karl må vere faren hennar. Kva meir har ho funne ut? Og kva rolle spelar hendingane på femtitalet for mordet på Eva?
Tuva bestemmer seg for å finne ut kven som har drepe Eva, og kva opplysningar Eva fann ut i dagane før ho døde. Ho får hjelp av faren sin, som er politi, og av Kurt Rønning. Ho snakkar også med Erle og med Preben. Det blir meir og meir usikkert kven som fortel sanninga, og kven ho kan stole på. Og kven er eigentleg i slekt med kven?
Ein ny og velkomponert bygdekrim frå Magnhild Bruheim. Dei mange hemmelegheitene blir avslørte, og gjennom å trekke i ei mengd med ulike trådar både i nåtida og frå fortida kjem det sjølvsagt fram kven som står bak ugjerningane.