Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Randi Fuglehaug: Fallesjuke

I Fallesjuke følgjer vi Agnes, tidlegare feature-journalist i VG. No har ho flytta heim att til Voss og er journalist i lokalavisa Hordaland. Vi følgjer henne i ei veke, frå søndag til søndag, gjennom stor dramatikk og etterforsking av det som viser seg å vere eit drap.

Fire kvinner hoppar formasjon i fine bunadar, og ei av dei klaskar i bakken med avskorne snorer på fallskjermen midt i folkehavet under opningsseremonien den første søndagen på Ekstremsportveko. Kripos blir raskt kopla inn og leiar etterforskinga. Dei fire kvinnene har halde saman sidan vidaregåande, og Agnes gjekk på skulen i lag med dei. Ho begynner å nøste i fortida, og det dukkar opp mange skjulte, mørke og samanvovne hemmelegheiter, som på godt krimgåtevis kan peike mot fleire moglege gjerningsmenn. Eller kvinner.

Mangt frå fortida viser seg å ikkje henge saman slik det ser ut på overflata. Agnes finn ut at både den tidlegare lensmannen og sjølvaste sjefen hennar, avisredaktøren, har ureint mjøl i posen. Ifølgje han snokar ho for mykje og har for «god fantasi», og ho blir tatt av saka for lokalavisa. Ho fortsett å grave på eiga hand, med dramatiske følgjer både for henne sjølv og for andre. Men er det ho som til slutt løyser drapsgåta? Og blir mordaren tatt? På overraskande vis blir alle trådar samla i eit nytt fallskjermhopp den siste søndagen av Ekstremsportveko.

Kategoriar

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker