Skallebank er den tredje kriminalromanen om journalist Agnes Tveit på Voss. Agnes er nå tilbake i lokalavisa Hordaland som politisk journalist. I dette høvet har ho laga eit portrettintervju med påtroppande ordførar Sjur Dagestad frå SV. Han har kome tilbake til heimbygda etter 30 år, og han har forlate ein jobb i TVNorge. Underleg nok fekk han førsteplassen på SV-lista til valet.
Agnes synest Dagestad er både sjarmerande og irriterande. Under intervjuet prata han som ein foss, han hadde mykje på hjartet og dårleg tid. Han framstiller seg som familiemann, odelsgut, rovdyrforkjempar, fjell- og vinentusiast. Men han har lagt seg ut med bøndene i bygda med utsegna: «Verda går ikkje under med litt færre sauar». Etter intervjuet dreg han til fjells.
Agnes kjenner seg fastgrodd på Voss, ho kan ikkje dra nokon stad. Ho er singel, snart 40, har ei sjuk mor og ein kjedeleg jobb. Ho har same hangen til usunn mat og litt for mykje alkohol. Bestevenene hennar, Viktor og Ingeborg, bur framleis på Voss. Men Ingeborg har blitt saman med VG-journalist Tor Erik Åkervold, og vurderer å flytte til Oslo. Agnes har tidlegare rota med han, og synest han er ei stor klyse. Ho kjenner det som om verda hennar rasar saman.
Agnes må overta ei helgevakt i avisa. Ho skal dekke Smalahovesleppet, der mellom anna den gamle ordføraren Ruth Mari Kvåle og den nye ordføraren skal kappete eit smalahove. Etter eit dobbelspel frå SV har ho tapt valet og må gå av som ordførar. Dagestad har ikkje møtt opp, så SV-veteranen Jens Trå stiller i staden.
Så dukkar eit avkappa hovud opp i ein haug med smalahove. Agnes, som er inne i festivalteltet, ser fort at dette er Sjur Dagestad. Politiet vil helst ikkje at denne opplysninga skal komme ut, men avisa Hordaland ser sitt snitt til å vere først ute. Agnes var kanskje den siste han snakka med før han blei drepen. Ho tenker mykje på den meldinga ho såg på telefonen til Dagestad då han var ute på toalettet. Der blei det framsett eit ganske alvorleg trugsmål, og Agnes tok eit bilde av meldinga. Seinare er Agnes så nysgjerrig at ho ringer opp nummeret. Då får ho ei sterkt åtvaring om å ikkje bry seg. Ei liknande åtvaring mot å vere snushane får ho frå politiet. Men Agnes har andre planar, og held fram med eigne undersøkingar, trass i at ho oppdagar det er nokon som overvakar ho.
Mannen til den tidlegare ordføraren, bonden Åsmund Kvåle, blir arrestert for drapet. Men dette skurrar for Agnes. Her er truleg for mange ting som ikkje stemmer, og ho avdekker maktkampar og hersketeknikkar, utruskap, politisk usemje og ureint spel, hendingar i fortida, svindel og utpressingar. Det er mange som kan vere mistenkte og kan ha motiv. I løpet av ei lita veke er det intense dagar med etterforsking og avisskriving, stor interesse frå utanbygdes og utanlandske journalistar og mange rykte. Så kjem sanninga fram. Eller gjer ho ikkje det?
Boka heiter Skallebank, noko som viser til det avkappa hovudet, men også til tilstanden i Agnes’ eige hovud mange morgonar. Dette er ei spennande forteljing med fleire overraskingar og mange lause trådar, nett slik ein krim skal vere. Agnes Tveit er seg sjølv lik og like uvørden som ho har brukt å vere. Men her kjem òg ei endring. Den tredje boka kan godt lesast utan at ein har lese dei to tidlegare bøkene, Fallesjuke og Tonedød.