Anna R. Folkestad: Visste du at …? DOVENDYR, BLEKKSPRUT OG EDDERKOPP

Bok Dovendyr_forlag: SamlagetHar du lyst å lære meir om ulike dyr med sine eigne særpreg? Då bør du få med deg dei tre nye bøkene i faktaserien «Visste du at …?» om dovendyret, blekkspruten og edderkoppen frå Leseland-serien til Samlaget. Tekstane inneheld fascinerande fakta, og dei vekkjer undring og nysgjerrigheit hos dei yngste lesarane. 

Visste du at dovendyret er raskare i vatn enn på land? Visste du at blekksprutar kan lære av kvarandre? Visste du at ein type edderkopp gøymer seg ved å sjå ut som fuglebæsj? Her kan barn lære om korleis dyra lever, kva dei kan gjere, og kva som er spesielt med dei.  

Faktabøkene passar for barn i aldersgruppa 6–9 år. Kvart oppslag har kreative og morosame illustrasjonar av Anna R. Folkestad som gjer teksten levande. Illustrasjonane har ein sentral funksjon i bøkene og verkar i tett samspel med teksten. For dei yngste lesarane er dette avgjerande, då lesinga ofte skjer gjennom ei veksling mellom å tolke bilde og tekst. Samla sett kombinerer bøkene fagleg innhald med lesetrening på ein måte som er både motiverande og lærerik.  

Utdrag frå bøkene:

Fleire boktips

Else og forvandlinga
3–6
6–9
0–3
Nattsol
intervju