Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bente Bratlund: Hanna & Emma (bok 4 og 5)

Hanna_og_Emma_7Bente Bratlund har no gjeve ut fem bøker i lettles-serien om veninnene Hanna og Emma. Alle bøkene har to korte forteljingar i kvar bok.

Dei to jentene møter stadig nye utfordringar, og Bratlund syner fram fleire typar relasjonar i bøkene. I bok nummer fire, Surare enn sitron / Hemmeleg gjest, får Hanna ei ny syster. Det er ikkje ei lita syster, men ei stor syster: Jill med grønt hår og ring i nasen. Ho er dottera til den nye kjærasten til mamma og kjem på besøk. No skal dei liksom verte vener, for det vil mamma. Det er lettare sagt enn gjort når Jill er sur som ein sitron. Denne relasjonen gjev utfordringar for Hanna. Heldigvis har ho Emma som trer støttande til i ein vanskeleg situasjon.

I Hemmeleg gjest har Jill rømt. Ho vil ikkje flytte i lag med mora si til ein ny stad. Ho kjem til Hanna og venene hennar og bed om hjelp til å finne ein gøymestad. Venene til Hanna synest det heile er spennande og tek oppgåva, men for Hanna vert det vanskeleg. Kva skal ho seie til mamma? Ho brukar å fortelje alt til mamma. Kjærasten til mamma må vere kjemperedd for Jill? Hanna slit med at ho ikkje kan røpe det ho veit til mamma, samstundes som ho aller helst vil fortelje mamma alt. Heldigvis ordnar alt seg til slutt i desse historiene med små og store kvardagsflokar.

Hanna_og_Emma_9I bok nummer fem, Klassetjuven/Vennepåske, held forteljinga om Hanna og Emma fram. I Klassetjuven skjer det mystiske forsvinningar i klasserommet. Henrik kan ikkje finne mobiltelefonen sin og Hanna har mista den nye pennen sin. Er det ein tjuv i klassa? Dei vil liksom ikkje tru det, det vil ikkje Emma i alle fall. Men jakta på tjuven har starta.
Det er lett å kjenne seg att i dette temaet. Mange har kjent på kjensla av at der kanskje er ein tjuv i klassa. I boka vert det ei spanande jakt på tjuven, og Hanna og Emma får god hjelp av kompisane Henrik og Sjur.

Som eit resultat av tjuvjakta i Klassetjuven vert Hanna og Emma kjende med Amalie. Ho er flyktning og har ikkje så mange vener på skulen. Ho vert invitert med på hyttetur i påska i lag med Hanna og Emma. Eigentleg vil Hanna ha Emma for seg sjølv, men ting skjer som gjer at eit venskap utviklar seg.

«Alt blir så annleis når ein blir kjend med folk. Ingen er akkurat slik ein trur». I Vennepåske kjem Amalie si historie fram, og kunnskapen hennar vert viktig i ein dramatisk situasjon på tur.

Dei andre bøkene i serien er Eg spør! / Eg tør?, Operasjon hemmeleg / Slange i paradis og Berre venner / Listig plan. Supre historier til ferske lesarar.

Fleire boktips

6–9
9–12
6–9
9–12