Rulling i rommet er den tredje boka om skatehunden Bård og Amika. Ein kveld når dei to er ute og skatar, ser dei plutseleg eit skarpt lys på himmelen. Det viser seg å vere eit romskip med to grøne hundar. Bård og Amika får reise ut i verdsrommet. Bård får vise fram triksa sine på planeten til dei grøne hundane.
Rulling i rommet er på nivå 1 Leseland-serien til Samlaget. Skrifta er stor, og det er lite tekst på kvar side. Illustrasjonane er fargerike og fantasifulle, og dei er ein viktig del av historia. Boka passar for ferske lesarar som har lyst til å øve seg på å lese sjølv.
Ida Eva Neverdahl er forfattar og illustratør bak alle dei tre bøkene i denne serien:
Sjå på Bård!
Skatehunden
Rulling i rommet
Utdrag frå boka: