Jens Hansegård og Anders Nyberg: Verdas mystiske stader

verdas_mystiske_staderBli med på ei reise til gåtefulle stader over heile verda!

På ei øy i Stillehavet står det store steinstatuar frå ein tapt sivilisasjon. Djupt nede i ein innsjø lever eit enormt udyr. Midt ute i ein ørken finst ein hemmeleg militærbase der romvesen har landa. Over heile verda er det mysterium. Med lettlesen tekst og detaljerte, spennande og morosame illustrasjonar er dette ei perfekt bok for nybyrjarlesaren og for alle som liker spenning og eventyr!

Verdas mystiske stader er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar.

Frå svensk ved Ole Jan Borgund.

Leseland. Nivå 4. Fakta

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

Kåre og Marimba finn ein oppfinnar
3–6
Over mitt lik
9–12
6–9
Ingunn Thon og Christian Wiik Gjerde: Oppdrag Romvesen 1 – Den nye naboen
6–9