Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lars Mæhle: Knoterud FK – Solskjærs rose

Knoterud og Solkjærs roseFrå 6 til 12 år

Dette er bok nummer ni i den planlagde serien på ti, der vi følgjer fotballaget Knoterud FK gjennom ein sesong.

Knoterud FK spelar i serien for gutar 9 år. Dei taper som oftast kampane sine med god margin, men i denne boka deltek dei i ein cup der ein og kan få premie for beste sportsånd, for dei skal til Molde og spele i Rosenes Cup, der sjølvaste Ole Gunnar Solskjær deler ut «Dagens rose»!

Boka handlar og om ein mystisk invitasjon i form av eit brev frå ein anonym sendar, som viser seg å vere grandtante Gudny. Ho har blitt sjuk inni seg og er innlagd på psykiatrisk avdeling. Grandtante Gudny er den som til vanleg køyrer klubb-bussen, og det blir fint for gjengen å få treffe henne igjen, sjølv om ho ikkje har det så bra. Spesielt fint er det akkurat då at dei kan dele med henne det augeblikket som vil leve inni dei «Alltid. Alltid. Alltid.» Og det er nok og fint for grandtante Gudny å få besøk av ein gjeng som akkurat har «svevd mot garderobane, lykkelegare enn dei nokon gong har vore på ein fotballbane.»

Forteljingane i serien er lette og munnlege i stilen, og dei har ein del fotballsjargong som gjer at dei passar ekstra godt for dei som er glade i fotball. Bok nummer ni gir høve til å reflektere over kva sportsånd er, og over det å vere psykisk sjuk.

Knoterud-serien blir utgjeven som ein del av Cappelen Damms Leseløve-serie av lettlesne bøker. Bok nummer ni har to spennande historier i seg, som gjer sjansane gode for at sjølv ein som enno ikkje les så fort vil synast det er bryet verdt å finne ut korleis det går.

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12