Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Liv Oddrun Larsen og Henning Lystad: Hjartekrigen

Leseland, nivå tre

Vilde er forelska i Jakob, men det er det berre Synne som veit om. Jakob er den kjekkaste guten på skulen, og han sit i elevrådet saman med Vilde. Hege er leiar for elevrådet, og ho er ein skikkeleg jentemagnet. Superpopulær og alltid med ein rask replikk på lur. Saman med Hege føler Vilde at ho vert stum og stiv som ein mumie. Og no seier Bjørnar at Hege også er forelska i Jakob – det er ikkje til å halde ut.

Hjartekrigen tek ung forelsking på alvor, men handlar også om vennskap, bollekrig og uventa handsrekningar.

Passar best for elevar frå 4. trinn.

Fleire boktips

Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6
Silja Aldudóttir: Udyret i tunnelen
9–12
Ana Pêgo: Plasticus maritimus
9–12
Elen Betanzo: Kjenner du Becker?
9–12