Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Lynne Benton og Fred Blunt: Kaninforteljinga

Kaninforteljinga er ein del av Samlagets Leseland for barn som lærer å lese. Dette er gode historier med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, skapte for å stimulere og inspirere ferske lesarar. Denne boka er nivå ein og eignar seg difor for barn som nett har begynt å lære å lese. Boka har lite tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta.

Kanin er trist. Huset hans er for lite, og han treng meir plass. Kanin går til den kloke ugla for å søke hjelp, kanskje han veit råd? Den kloke ugla ber han om å invitere venner og familie heim. Men med så mange kaniner på besøk blir det jo enda trongare om plassen. Kanin er forvirra, men skal tru om ikkje den kloke ugla har ein plan?

Kaninforteljinga er ei humoristisk forteljing om det å lære å sette pris på det ein har. Boka har innhaldsrike illustrasjonar, og du finn oppgåver knytte til bilete og tekst til slutt.

Utdrag frå boka:

Fleire boktips

6–9
lettlesne bøker
Frost
3–6
3–6