Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Martine Grande: Ringen

Martine Grande: Ringen«Ringen» er ein del av Leseland-serien til Samlaget, ein serie for barn som lærer å lese. I denne boka har Grande skrive humoristisk, svart og kvitt … og litt håpefullt gult … om kva som er rett, og kva som er gale.

Vi kan kanskje innrømme at vi kjenner oss att i Sara skjor som eeelskar å pynte seg! Og heime har ho tuuusenvis av flotte smykke og annan pynt!

Ein dag finn ho ein heilt uvanleg vakker ring i smykkeskrinet til mor skjor. Burde det ikkje gå heilt fint å låne ringen med seg i pyntesamlinga si? Om så berre lite grann? Mor skjor er jo berre oppteken med sitt. … Jau då, la gå!

Som tenkt så gjort. Og det er såre vel inntil mor skjor ikkje finn att ringen sin nokon stad. Kan det ha vore ein tjuv på ferde? I den mørke kvelden etter leggetid rir dårleg samvit og redsle Sara skjor som ei mare. For kva kan skje no som ho nærmast er blitt ein tjuv?

Dette må ordnast opp i, og ho får ein idé! Ho legg ringen under eit teppe og ber med mamma på ein ny leiteaksjon i kveldinga. Og ooops, der var han jo!

Sara skjor fortel til mamma at ho ønsker seg så veldig ein ring. Mamma er klok. Ho legg frå seg mobilen, set seg ned, og lagar mange smykke og ringar av dei mest fargerike og skinande perler saman med dottera si. Kan livet og kvelden bli betre?

Dette er ei god historie med enkel tekst og sjarmerande illustrasjonar, og ho er både inspirerande og stimulerande.

Boka er på lesenivå ein. Det vil seie at ho eignar seg godt for barn som nettopp har byrja å lære seg å lese.

Boka har lita tekstmengd og mange illustrasjonar, og teksten er direkte kopla til bileta. Barna lærer å lese både tekst og bilete. Teksten er enkel og kort, med korte setningar og 5–10 ord per side.

Boka eignar seg i barnehage og begynnaropplæringa, og i tverrfagleg og estetisk samhandling.

Utdrag frå boka:

 

Fleire boktips

Eirin Holberg og Åshild Irgens: Steinalderen
9–12
Sunniva Relling Berg: Soldagen
lettlesne bøker
Berenika: På fire bein. Bang!
6–9
6–9