Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Susanna Davidson og Mike Gordon: Prinsessa på erta

H.C. Andersen, gjenfortalt av Susanna Davidson, omsett av Brit Bildøen
Ill.: Mike Gordon

Det er rundt 185 år sidan H.C. Andersen skreiv eventyret om prinsen som la ei ert under mange madrassar for å avsløre om ho som la seg i senga var ei ekte prinsesse. Forteljinga i Samlaget sin versjon er i korte trekk den same, men eventyret er så absolutt oppussa i Brit Bildøen si fornøyelege omsetjing. Vi får følgje prins Preben, fetter Finn og tenestejenta Pia på reisa for å finne ei passeleg prinsessekone til Preben. Replikkvekslingane er kjappe og med snert, som til dømes då ei av dei aktuelle prinsessene, Petronella, får sjå prinsen og blir svært begeistra: «Du må kome og bu på slottet mitt, gaula ho. Han er perfekt. Vi blir gifte på null komma niks.»

Moralen er, som i mange eventyr, at ein kjem lengst med å vere grei mot dei ein møter. I tillegg gir «Prinsessa på erta» anno i dag noko ekstra: Ei ekte prinsesse er modig og let seg ikkje stoppe av at nokon seier at ho ikkje kan.

Utdrag frå boka:

Kategoriar

Fleire boktips

6–9
lettlesne bøker
Frost
3–6
3–6