Terje Hellesen: Kvalen Blå dansar salsa

Illustrert av Anna Fiske 

Mange etterlyser lettlesne bøker på nynorsk. Kometserien er ein serie lettlesebøker for barn, fordelt på fire trinn. Bøkene er lette å kjenne att med blå farge på omslaget, ein oval illustrasjon og ei stjerne med farge som fortel kva aldersgruppe boka er tenkt til. Denne boka er ein oransje komet og høver såleis best for lesarar mellom 10 og 12 år.

Kvalen Blå er dritlei av havet. Ho vil heller danse salsa på diskotek! Medan ho tørrtrenar på ei strand møter ho ein gut med berre eitt øyre. Det er eitt for lite, synst guten. Men eitt øyre er likevel nok til han forstår kvalen sitt ule-språk. Og kvalen forstår guten. Han lengtar vekk han òg. Saman dreg dei til diskoteket på andre sida av fjorden. Ein basill som likar krim vil òg vere med i forteljinga, som er både morosam og fantasifull. Tema som å lengte og å vere saman med nokon på godt og vondt er sentrale i boka.

Dette er den ellevte boka i serien. Her er ei oversikt over tidlegare utgjevingar. 

Gul komet, 7–8 år
Nasen som stakk av av Gianni Rodari
Krølle-Knut grev seg ned til Kina av Lars Mæhle
Hemmeleg av Oddveig Klyve 

Grøn komet, 8–9 år
Kvar er Lurven? av Bente Bratlund
Ninni byrjar på fotball av Heikki Gröhn (denne finn ein òg i den nye antologien Les for meg!)
Så kom det eit kort av Stein Helge Mandelid 

Oransje komet, 10–12 år
Kaninar og kaninar av Arnt Birkedal
Raude auge i natta av Michael Morpurgo
Huset Goggenheim av Brit Bildøen
Kvalen Blå dansar salsa av Terje Hellesen 

Ungdomskomet, 13 pluss
Vi gir oss aldri av Bente Bratlund

Fleire boktips

Kari Stai: Flokken
9–12
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12
Harald Nortun: Kode 6 –Ingen må vite kven du er
9–12