UFO-gjengen er den andre boka i serien Alien i klassen. I den første boka, Mitt liv på feil planet, møter vi Ulrik som er heilt åleine. I oppfølgaren har Ulrik fått seg to gode venner.
Fia og Bob gjer livet til Ulrik bra. Utfordringane byrjar idet ei stressa dame kjem for å hente Fia. Som om ikkje det var nok, så er onkelen til Bob på veg i fengsel. Risikerer Ulrik å miste sine to beste venner? I tillegg må dei hanskast med Reke-Tor, som er verdas verste rektor.
Vegard Markhus har skrive og illustrert dei to bøkene i serien. Felles for begge er at tekstane er lettlesne, og bøkene inneheld illustrasjonar på alle sider. Den første boka handlar om korleis det er å kjenne seg utanfor. Den andre boka tek mellom anna føre seg vaksne som kranglar.
«UFO-gjengen er ei bok om barn som hjelper kvarandre å rydde når dei vaksne lagar rot», står det på omslaget til boka.
Sjølv om bøkene tek opp alvorlege tema, så er dette gjort på ein måte som er tilpassa målgruppa. Begge bøkene inneheld mykje humor, spenning og vennskap.
Bøkene passar godt for barn i alderen 6–9 år.
Intervju med Vegard Markhus
Kvifor bør barn lese boka di?
Eg har prøvd å lage ei bok som er både spennande, morosam og alvorleg. Det er dessutan lett språk og bøttevis av illustrasjonar. Kanskje det blir først gong barnet klarer å lese ei så tjukk bok? Eller andre gong viss dei allereie har lese den første Alien-boka?
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
Ideen til Alien-bøkene kom frå songen Gyli gyli gong gong av bandet mitt, Naboen min. Eg oppdaga fort at alienuniverset fenga mange barn. Samtidig såg eg at fenomenet kunne vere eit bra utgangspunkt for bøker om outsider-problematikk. Gjennom mange år som lærar har eg fleire gonger sett kor fint det er når outsiderane endeleg finn sine folk. Dette håpet om at gode ting kan skje, ville eg ta med inn i boka.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Eg trur mange kan ha glede av å lese boka. Då eg skreiv boka, tenkte eg mest på lesarar mellom 6 og 11 år som ønsker bøker med både humor og alvor, og som liker at det er mange illustrasjonar. Eg trur dei fleste barn kan finne noko å kjenne seg igjen i, og barn som har erfaringar med mobbing eller skilsmisse, vil kanskje finne noko ekstra.
Kva meiner du kjenneteiknar ei god barnebok?
Ei god barnebok bør oftast ha ei god historie. Boka bør nok også ha eit tema og personar som barna kan identifisere seg med. Humor er inga ulempe. Og gjerne ein nydeleg eller spinnvill x-faktor som skil boka ut frå alle dei andre bøkene som finst.
Men ingen av desse tinga betyr noko viss ikkje barn liker boka. Det bør vere ei grei sak å finne barn som liker ei god barnebok. Eg har blitt anbefalt nokon barnebøker som eg ikkje har klart å finne barn som liker. Då er det nok inga god barnebok. Men det kan framleis vere ei god bok.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse barn om å lese, og kvifor?
Ulf er uvel (Wexelsen/Kuhn) er ein av mine favorittar. Akkurat ei slik bok eg skulle ønske eg hadde laga sjølv. Ei perfekt høgtlesingsbok med spenstig humor og mykje å prate om.