Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Vegard Markhus: Kunst og hærverk

Rine og Ravi vil lage noko fint i kunst og handverk-timen. Men Lærar-Knut har som vanleg andre planar. Han vil heller at dei skal ha kunst og hærverk. Kunst skal vere stygg, folk skal seie huff! meiner han. Han tek med elevane og ein boks med tusjar bort til den kvite, blanke bilen på parkeringsplassen og set i gang. Kva skjer når gymlærar Gyda oppdagar dei?

Elevane i målgruppa for denne boka veit veldig godt korleis ein empatisk og triveleg lærar skal vere. Derfor er det frydefullt når Lærar-Knut er heilt motsett av det, og elevane er dei snille. Vegard Markhus er sjølv lærar, i tillegg til å vere forfattar og illustratør. Skal tru om han eigentleg drøymer om å vere, og gjere, litt som Lærar-Knut?

Boka er på nivå 2 i Leseland-serien til Samlaget.

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12