Eivor Vindenes: Den hemmelege vegen til månen

Knut sitt inne i trehytta si. Alle vennene har reist på sommarferie. Knut skulle også ønskje han kunne reise langt vekk, men han skal ikkje nokon stad. Klara dukkar opp og lokkar han ned frå hytta og ut på ei annleis og spennande reise …

Den hemmelege vegen til månen er ei historie om gryande vennskap og det vedunderlege som kan hende når ein tør å bevege seg ut i det ukjende! Illustrert av Helena Ohlsson.

Fleire boktips

Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel
6–9
Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6