Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Rune Belsvik: Forteljingar om Jolver

JolverIllustrert av Kari Stai.

På framsida av Forteljingar om Jolver ser vi ikkje eit bilete av Jolver. Kari Stai har i staden teikna spegelbiletet til Jolver. Han ser seg sjølv i ein sølepytt, og det einaste lesaren kan sjå av sjølve guten, er føtene hans. Slik er det inne i boka også. Jolver speglar seg i dei små og kvardagslege hendingane rundt seg, medan han prøver å finne ut kven han er og kven han kan bli. Forteljingar om Jolver er noko så sjeldan som ei eksistensiell barnebok, ei enkel bok om store tema: sjølvstende og morsbinding, døden, identitet, fiksjon og røynd, forandringar og kommunikasjon.

Åtte små forteljingar gir oss verda slik Jolver opplever ho. Det barnlege perspektivet er gjennomført med enkle ord og konkrete handlingar. I utgangspunktet skjer det ingenting, Jolver kjedar seg, og han brukar mykje tid på å leike i sølepyttar. Likevel er desse jordnære skildringane ramme for mykje indre dramatikk, og refleksjonar som tar pusten frå den engstelege hovudpersonen.

Jolver har ein fantasi og ei tankeevne som gjer verda til ein svimlande stad å leve. Eit besøk til fotografen kan utløyse angst hos Jolver, fordi det blir kopla med at han ein gong skal bli vaksen: «Ingen kan stansa forandringa, forstår Jolver. Men kva er vitsen med det? Kunne ikkje alt få vera ferdig? Slik at ein kan venna seg til det. Slik at ein visste kven ein skulle vera. No kan ein ikkje vita nokon ting sikkert.»

Det er sjølvsagt ikkje berre kvardag. Jolver går seg fast i myra, han får sjå farmora si naken, og han blir forelska i ei jente i klassen. Det er likevel dei nære tinga som pregar forteljingane, samt den langsame utviklinga hans frå tekst til tekst. Jolver blir sakte, men sikkert fortruleg med tanken på at livet og han sjølv heile tida forandrar seg. I den siste forteljinga synest Jolver synd i ein stor, mørk stein han ser attmed vegen: «Jolver er glad han ikkje er den steinen. Ein stein som alltid må vera stein. Kjem aldri bort. Kan aldri ropa høgt av glede. Aldri skynda seg til vatnet. Aldri ha ein pose med badeklede og saft. Aldri få lov av ei mor til å gå aleine til vatnet.»

Rune Belsvik er ein allsidig forfattar. Han kan skrive humoristisk og absurd, slik han gjer i seriane om Dustefjerten og om Bløygen, og han kan skrive realistisk, sårt og undrande, slik han gjer her, i Forteljingar om Jolver. Belsvik meistrar begge deler like godt, til glede for gamle og nye lesarar. Gjennom Jolver sine førestellingar blir både høgtlesar og tilhøyrarar redde for å finne farmora hans død i ein stol, eller lukkelege over ikkje å vere ein stein i vegkanten.

Boka finst også som lydbok.

Kategoriar

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12