Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Harald Nortun: Kode 6 – Ingen må vite kven du er

Harald Nortun: Kode 6–Ingen må vite kven du erKasper bur i Vågen, ein liten stad langt mot nord. Han går i 7. klasse saman med fire jenter og to gutar. Dei to andre gutane er bestevenner. To og to av jentene også. Kasper har aldri hatt ein bestevenn.  

Stian startar i klassen. Han gjer ikkje narr av Kasper slik dei andre i klassen gjer. Han blir med Kasper heim, han inviterer med seg Kasper på joggetur, han gir råd om jenter og korleis Kasper bør kle seg. Kasper kjenner endeleg at han kanskje har ein bestevenn. Men det er eit eller anna Stian skjuler. For Stian har hemmeleg telefonnummer, han vil ikkje bli fotografert, og heime hjå Stian og mora har dei sikkerheitslås på døra, men dette får ikkje Kasper lov å seie til ei levande sjel.  

Mor til Kasper er nysgjerrig og vil vite mest mogeleg om dei nye innflyttarane. Ho er skeptisk til at Stian og mora er så tilbakehaldne med kvar dei kjem frå, og kvifor dei har flytta til bygda. Saman med dei mange venninnene sine, saumfer ho sosiale medium, men dei finn verken Stian eller mora der. Via ei venninne i Oslo får ho eit gammalt bilete av mor til Stian på ein bar. Ho får vite at mor til Stian heiter noko anna, og ho går ut frå at ho har gjort noko kriminelt og skjuler seg for politiet. Ho deler biletet i ei lokal gruppe for dei som bur i Vågen. Med eitt er ikkje identiteten til Stian og mora like hemmeleg lenger, og ein av dei kriminelle som er ute etter dei, veit kanskje kvar dei bur. 

Tittelen på boka er Kode 6 – Ingen må vite kven du er. Kode 6 er den strengaste forma for hemmeleg adresse vi har i Noreg. Fleire av dei som lever med hemmeleg adresse, må bryte alle banda til fortida. Boka gir eit innblikk i korleis det er å leve på ei slik adresse, og kor vanskeleg det er å finne fotfeste på ein ny stad når du ikkje veit om du blir avslørt og kanskje må flytte igjen.

Intervju med forfattar Harald Nortun

Harald Nortun: Kode 6

Kvifor bør barn lese boka di? 

Kode 6 er ei spennande historie om vennskap, om identitet, om å flykte frå ei svært dramatisk fortid. Kan du starte på nytt, eller vil den farlege fortida innhente deg? Handlinga er lagd til Vågen, ein liten stad langt nord i Noreg. Eg håper at dei som bur på små, litt avsides plassar, kan kjenne seg igjen. For andre er det kanskje rart og eksotisk å lese om ein liten stad der alle barn, ungdommar og vaksne kjenner kvarandre, og at den største klassen på skolen berre har 7-8 elevar.

Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?

Inspirasjonen kom mellom anna frå tanken om at ein digital kvardag og sosiale medium gjer det nesten umogleg å gøyme seg eller starte på nytt ein annan stad. I dag forventar mange at ein skal legge ut bilde og all slags info om kven ein er og kva ein held på med. Kva skjer med dei som har svært gode grunnar til å halde seg skjulte? Går det an å halde identiteten og fortida hemmeleg i vår digitale tid? Kor mykje kan og bør du lyge for å beskytte deg sjølv og din beste venn?

Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?

Boka passar vel for dei som vil ha ei realistisk og spennande samtidshistorie om å vere flyktning i eige land.

Kva meiner du kjenneteiknar ei god barnebok?

Ei god barnebok kan vere så mangt, heldigvis finst det mykje å velje mellom. Det finst bøker som tek deg med til ein annan stad, ei anna tid, ei anna verd – som historiske romanar eller fantasy. Det finst bøker som først og fremst er artige, spennande eller skumle. Og det finst bøker som først og fremst skildrar korleis det er å vere eit ungt menneske, og som legg seg tett på verda slik ho er eller kan vere i dag. Ein del riktig gode bøker kombinerer gjerne fleire av desse elementa i same historie.

Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse barn om å lese, og kvifor? 

Når eg først får sjansen til å tipse, vil eg gjerne nemne tre bøker som kan passe for mellomtrinnet, den aldersgruppa eg skriv for.

Arnfinn Kolerud: Ivar får ansvar (2024). Artig, litt dramatisk, og underfundig om Ivar som må skaffe seg sommarjobb for å tene pengar. Inni all humoren er det også rom for meir alvorlege tema.

Ingunn Thon: Full bajas (2023). Vilt, sprøtt og komisk om høge krav og forventningar. Men akkurat som Kolerud si bok, er det ein del ting å tenkje over her.

Toralf Fagertun: Kobbs hus (2024). Spennande bok som mellom anna er inspirert av historiene i dataspel.

Felles for desse bøkene er at dei gir leseglede. Når du først har byrja å lese, trur eg du har vanskar med å legge desse bøkene frå deg.

Utdrag frå boka:

 

Fleire boktips

Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9
Erlend Skjetne: Størst og minst
intervju
Thoralf Fagertun: Kobbs hus
9–12