Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Svein Jarle Åbrekk: Granittgutta 2, TikTok-banden

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

Dei gode kameratane Frank og Kristoffer har nettopp fått sommarferie. Dei skal vere med faren til Frank på ein konferanse for geologar. På veg dit fortel Frank at han har inngått eit veddemål med foreldra. Han skal poste ein film på TikTok, og dersom han får 1000 framvisingar, skal gutane få 500 kroner kvar i feriepengar. Om dei taper, må dei gå på geologiføredrag. Gutane har ikkje tenkt å tape!

Så kjem det ei melding på radioen om at det har vore innbrot på Mellomaldermuseet, og at fleire verdfulle gjenstandar er stolne. Ein medaljong var særleg verdfull. Då dei er framme ved hotellet, tar gutane seg ein runde rundt for å sjekke opp kvar dei er og kva hotellet har å tilby. Dei er også innom museet som ligg vegg i vegg, og der ser dei ein flott vikingring med ein stor grøn stein i ein monter. Ringen skal ha vore Eirik Raude sin. Ei stund etterpå oppdagar dei ein TikTok-film der det ser ut til at den stolne medaljongen til dronning Margrethe blir vist fram.

Då dei kjem ned i resepsjonen dagen etter, er det fullt oppstyr. Vikingutstillinga på museet er sperra av, og ringen med den grøne steinen er borte. Monteren er heilt uskadd, så nokon må ha visst koden for å opne han. Politiet er på staden og har starta granskinga. Det har gutane også. Dei observerer at vaktmeisteren låser seg inn ei dør ved sida av museet, og tenker at han har jo tilgang overalt. Det same har reingjeringsdama. Dei gjenkjenner ein mann med kaps som sit i resepsjonen, og hugsar at han var på museet i går. Kan desse folka ha noko med tjuveriet å gjere? Og kva med han som kom i den feite Porschen?

Frank og Kristoffer bestemmer seg for å sjekke ut området rundt hotellet. Det går ein grusveg innover mot ei hytte. Vegen er smal, men det går an for ein bil å køyre på han. Og best som det er, kjem ein bil i litt for høg fart og sneiar foten til Frank. Då bilen er borte oppdagar han rullestolen til Kristoffer ved ei bjørk. Men kva har skjedd med guten?

Nå skyt spenninga i forteljinga verkeleg fart. Gutane bestemmer seg for å finne ut kva som skjer, og kven som står bak, og dei arbeider ved sida av politiet. Undersøkingane deira fører dei ut i farlege og skumle situasjonar. Men Frank seier: «Viss vi har pusla saman bitane riktig fram til no, får vi nok berre denne sjansen til å finne bevis». Så dreg gutane tilbake innover grusvegen til hytta. Dei har snappa opp eit tidspunkt på TikTok, og trur dei veit staden.

Den andre boka om Granittgutta følgjer opp den første som heiter Dronemysteriet. I begge bøkene er det både humor, alvor og godt kameratskap, og ikkje minst spenning!

Her kan du lese eit utdrag frå boka.

Fleire boktips

9–12
9–12
9–12
9–12