Historia byrjar med ei jente som kjem roande åleine i ein liten båt. Kvar har ho tenkt seg midt på natta? Ask oppdagar at jenta, som heiter Daniela, treng hjelp.
Kobbs hus er eit mystisk hus som ligg for seg sjølv ute på ei øy. Det kjem lydar og nifse brøl frå øya. Dei siste som drog dit, kom aldri tilbake. Skattejegeren Billy Kobb, som eig huset, har ingen sett på lenge.
Daniela har eit viktig oppdrag på øya. For å klare det, treng ho hjelp frå både Ask og vennene Iris og Eik. Saman skal dei besøke Kobbs hus. Her møter dei både rare, artige og livsfarlege utfordringar. Dei fire vennene er ulike, men har alle sine styrkar som dei treng for å løyse oppdraget.
Som lesar er det lett å bli dregen inn denne spennande og fantasifulle forteljinga. Barn treng bøker som er underhaldande å lese, og dette er ei slik. Boka inneheld fine illustrasjonar av Ketil Selnes.
Kobbs hus inneheld 149 sider som er fordelte på 27 korte kapittel. Målgruppa for boka er 9–12 år. Ho eignar seg godt både til individuell lesing og som høgtlesingbok i klasserommet.
Intervju med Thoralf Fagertun
Foto av Thoralf saman med hunden Buffy: Marthe Mølstre
Kvifor bør barn lese boka di?
Fordi ho er spennande, artig og kjemperar. I alle fall prøver ho å vere alle dei tinga. Sjølv om boka er illustrert, må lesarane ofte ta i bruk sin eigen fantasi for å sjå føre seg hendingane. Det trur eg er skikkeleg sunt.
Kva inspirerte deg til å skrive denne boka?
To ting: Ei jente som kvar sommar besøkte besteforeldra som budde i nabohuset mitt. Ho var solbrun og snakka eit eksotisk språk. Det var rett nok berre austlandsdialekt, men for meg var ho eit eventyr. Den andre tingen er sildoljefabrikken på staden eg vaks opp. Ein monstrøs koloss, totalt malplassert i nydeleg nordlandsnatur. Akkurat som med Kobbs hus, var det både spanande, farleg og ulovleg å snike seg inn på området ein sein sommarkveld saman med venner like dumdristige og teite som deg sjølv.
Kven trur du vil ha størst glede av å lese boka di?
Eg ser føre meg at folk som blir tvinga til å lese ei bok på skulen, sjølv om dei ikkje har lyst, bør vurdere Kobbs hus. Historia er full av action og sjeldan veldig kjedeleg. Men eg frir til alle lesarar som likar at det går fort i svingane, altså.
Kva meiner du kjenneteikner ei god barnebok?
Kule karakterar og fantastiske hendingar. Dei beste barnebøkene er med deg for alltid. Willy Wonka og Hufsa er uforgløymelege. Trollmannens hatt og Georgs magiske medisin er deilig fantastiske for evig. Ei god barnebok må dessutan ta lesarane på alvor og ikkje bli feig eller overforklarande.
Kva slags anna bok enn di eiga vil du tipse barn om å lese, og kvifor?
Jenny Fender av Heidi Marie Vestrheim. Det er ei lys og festleg bok, med den kulaste hovudkarakteren sidan Tonje Glimmerdal.