Omsett av Knut Inge Andersen
Bang! er femte del av den vakre teikneserien På fire bein av Berenika Kołomycka. Vesle Rev og Store Villsvin kjem no endeleg heim frå eventyr og til epletreet sitt. Her ventar haren, piggsvinet, musa og grevlingen, som også bur i og passar på dalen. Dyra vert raskt gode naboar.
Ein ny innbyggar, Skjora, er også komen til dalen. Ho samlar på allslags rusk og rask som viser seg å vere skadeleg og farleg for dei andre dyra. Villsvinet skadar seg på eit glasbrot. Hjå musa sette ein bit seg fast i halsen. Og piggsvinet får kvasse bitar mellom piggane. Motvillig byrjar innbyggarane i dalen å samarbeide om å rydde etter Skjora. Dei er sinte på henne og tykkjer ikkje ho passar inn i dalen. Vi får innblikk i korleis plantar og dyr er påverka av rotet til Skjora, og Skjora tek opp kampen for å verne om livsstilen og skattane sine.
Eit glasbrot i sola fører til slutt til ein stor brann i skogen. Klarer dyra å berge seg? Staden dei bur på? Greier dei å sløkkje flammane? Kven kan hjelpe dei? Er det ekornet? Ugla? Bisam? Eller beverane ved demninga? Det blir eit drama på liv og død. Klarer alle dyra til slutt, i samarbeid, å sløkkje brannen og einast om eit levesett til det beste for alt og alle som lever i dalen?
Bang! handlar om kva som kan skje når vi er grådige og egoistiske, og ikkje tek sporlaus ferdsel, berekraft og likeverd på alvor. Serien har mange lag og kjem inn under kategorien allalderlitteratur.
Teksten er i form av korte, lettlesne bobler. Boka er dermed fin for unge lesarar som har lært seg å lese sjølve. Det er brukt besjeling som språkleg verkemiddel i dialogen mellom dyra. Replikkvekslingane er eit godt døme på at ein ikkje alltid treng å seie så mykje for å få sagt mykje. Teikneserien nyttar fantasirike akvarellar for å fortelje ei viktig historie om å samarbeide og vareta jorda vår. Vi kjenner inntrykka som dyre- og naturskildringane gir, og vi får bruke sansane. Grunnstemninga i historia kan gi assosiasjonar til Janosch og forteljingane om den vesle tigeren og den vesle bjørnen, eller Den vesle prinsen, jamvel om forteljemåten og teiknestilen er annleis. Det er lett å fylgje historia og få ei god leseoppleving. Teikneserien kan nyttast i god nynorskopplæring, og til dømes innanfor tverrfaglege og estetiske læreprosessar. Han bygger opp om berekraft og etikk på ein enkel og naturleg måte.