Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Berenika Kołomycka: På fire bein. Trøbbel

Berenika Kołomycka: På fire bein. TrøbbelTrøbbel er sjette del av den vakre teikneserien På fire bein av Berenika Kołomycka. Endeleg er Vesle Rev og Store Villsvin tilbake med bodskapet om det gode livet til oss. I denne boka er også Skogmusa, Ekornet og Eldfluga sentrale karakterar i spennet og virvaret mellom det gode og vonde.

Baksideteksten fortel at hausten er komen, og overalt held dyra på med vinterførebuingane. Vesle Rev har òg hamstra mat og gøymt han godt i skogen. Ein dag går han til det hemmelege spiskammeret sitt, men kan ikkje finne maten. Går det verkeleg an? At alt berre har forsvunne? Sikkert oppete av nokon … Men kven? Kven kan vere så stygg mot han?

Trøbbel har fire kapittel og forteljingar som kan lesast kvar for seg eller i heilskap. Dei har titlane forfjamsing, lei meg for det, monster og trøbbel. På den eine sida handlar boka om kva som kan skje når vi raskt er sjølviske, overser, er mistruiske, og når vi sladrar. I sladder er det berre taparar, og det er til skade for alle.

På den andre sida derimot handlar boka om kva som skjer når vi ber kvarandre om tilgjeving, er ærlege og gjer godt mot kvarandre og fellesskapet – då veks både vi sjølve og relasjonane. Forteljinga formidlar det som løfter, styrker og skaper fred og takksemd. Serien har mange lag og kjem inn under kategorien allalderlitteratur. Vi les historia om Sokrates sine tre siler mellom linjene i lesinga: Er det sant det vi seier om kvarandre? Er det naudsynt? Er det godt?

Teksten er i form av korte lettlesne bobler. Boka er dermed fin for unge lesarar som har lært seg å lese sjølve. Det er brukt besjeling som språkleg verkemiddel i dialogen mellom dyra. Replikkvekslingane er eit godt døme på at ein ikkje alltid treng å seie så mykje for å få sagt mykje. Teikneserien nyttar fantasirike akvarellar for å fortelje ei viktig historie om vennskap og fellesskap. Vi kjenner inntrykka som dyre- og naturskildringane gir, og vi får bruke sansane. Grunnstemninga i historia kan gi assosiasjonar til Janosch og forteljingane om den vesle tigeren og den vesle bjørnen, eller Den vesle prinsen – jamvel om forteljemåten og teiknestilen er annleis. Det er lett å fylgje historia og få ei god leseoppleving. Teikneserien kan nyttast på barnetrinnet i god nynorskopplæring, og til dømes innanfor tverrfaglege og estetiske læreprosessar. Han bygger opp etikk og berekraft som tema på ein enkel og naturleg måte.

I Bok på 1-2-3 er det ein undervisningsressurs for mellomtrinnet med grunnlag i På fire bein: Den vegen og temaet helse og livsmeistring.

Kategoriar

Fleire boktips

Vegard Markhus: Alien i klassen2
6–9
Marthe Holien Bøe: Ni løgner og jakta på eit smil
6–9
Hilde Myklebust og Bård Sletvold Torkildsen: Grisungen med den rette halen
3–6
Lars Erik Helgemo og Markus Pedersen: Udugelege heltar volum 3: Endelaus
teikneseriar