Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

David Revoy: Pepar & Gulrot bok 1

Opplegg til boka:
Tid for ti: Undervisingsopplegg og aktivitetar til eit utdrag frå boka

I teikneserien Pepar & Gulrot treffer du den unge heksa Pepar, og katten hennar, Gulrot. Dei bur i eit skikkeleg kråkeslott, med spist tak, spindelvev og ei boblande heksegryte på kjøkenet. Her lagar dei ulike trylledrikkar, proppfulle med magi! Og sjølv om det står eit fare-skilt utanfor huset, er det ei svært så hyggeleg heks vi møter. Gjennom korte, humørfylte historier får vi vere med Pepar og Gulrot i kvardagen deira. Pepar melder seg på konkurransar i trylling, ho inviterer andre hekser til bursdagen sin, og ho leiter etter magiske ingrediensar til trylledrikkar som ho prøver ut på Gulrot.  

Pepar øver for å verte ei skikkeleg god og flink heks. Men Pepar har tre gudmødrer som har ansvaret for opplæringa hennar. Dei vil at ho skal verte ei ekte, fæl kaosah-heks. Men Pepar vil ikkje vere fæl. Kaosah-hekser set i gang kjedereaksjonar, slik at ei lita handling set i gang ei lang rekkje med hendingar. Det er ikkje alltid at Pepar forstår at det er ho som er årsaka til alt som skjer, og det er slett ikkje alltid at gudmødrene er nøgde med henne! Men både vi og Gulrot ser at Pepar prøver så godt ho kan, og eigentleg er ho ei flink og snill heks. 

Pepar & Gulrot går føre seg i eit anna univers, eller kanskje ein annan galakse. Her er det tre månar, drakar, einhyrningar, føniksar og flygande sopelimar. Vi ser flotte steinborger og palass med spir, men også mystiske skogar, sydlandske øyar i blåe hav og landskap dekte med snø. Miljøet er nok inspirert  av mellomalderen, og i den sjarmerande heimbyen til Pepar, Komona, er det brustein, koselege bindingsverkshus og ein stor marknad. Men i tillegg til monster og trylledrikkar, ser ein også robotar og problem med forureining. Maskinene og dei flygande byane kan gje assosiasjonar til Det levande slottet, ein japansk animasjonsfilm av Hayao Miyazaki, og andre Studio Ghibli-produksjonar.  

Den franske serieskaparen David Revoy har laga teikneserien Pepar & Gulrot, og han er sjølvlært frilansar. Revoy er svært oppteken av mange ting som teikning, måling, kattar, datamaskiner, GNU/Linux, fri kultur, tradisjonelle RPG-dataspel, gammal manga og anime, tradisjonell kunst, japansk kultur, og fantasy. Og det ser vi att i teikneserien, som også ligg ute gratis på nett! Det er lesarane som finansierer Pepar & Gulrot, så teikneserien er heilt reklamefri. Teikneserien finst på mange ulike språk, noko som gjer han lett å bruke i mange samanhengar. 

Pepar & Gulrot er ein koseleg fantasy-teikneserie, med vakre, detaljrike teikningar i fargar, og ein lun humor. Boka høver for både vaksne og born. Alle episodane i teikneserien er omsette til nynorsk av Arild Torvund Olsen og Karl Ove Hufthammer.  

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
9–12