Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Bokomtale

Oliver Levang: Freden og andre historier

Freden og andre historier er ei samling med seks teikneserienoveller frå perioden 2016 til 2019. Skrekk og grøss er eit gjennomgåande tema når Levang lagar teikneseriar, og slik er det også her. Nettopp derfor er dette ei bok som ikkje er tenkt for dei yngste lesarane, men for ungdom og unge vaksne. På omslaget til boka kan vi lese at historiene handlar om alt frå familiekonfliktar til tidsreiser. 

Nokre av historiene kan vi kjenne att, som til dømes «Guten som kappåt med trollet». Men ingen må la seg lure til å lese denne versjonen som godnatthistorie for dei yngste. Her møter vi nemleg Espen i etterkant av møtet med trollet, og han fortel i detaljrike ordelag og teikningar korleis han drap det udugelege og stakkarslege trollet. Også teikneserien «Hunger» har element frå eventyrverda med seg, der bunadar og budeier kan minne om nasjonalromantikken. Men likskapen med epoken sluttar også der.  

Teikningane til Levang er detaljrike og fortel oss ved første augekast at dette ikkje er for sarte sjeler. Fargebruken i nokre av teikningane byggjer også under innhaldet i historiene. Spesielt ser vi det i den første historia, «Freden», der Levang har nytta mørke og kalde fargar. I «Mønster» er kontrastar i fargane med på å byggje opp under det som hender.  

Heilt til slutt i boka let forfattaren lesarane få eit innblikk i korleis historiene og teikningane har blitt til. Vi får sjå skisser av teikningane, og vi får lese om kva som har vore bakgrunnen for at enkelte av historiene har blitt skapt. 

Fleire boktips

Tor Arve Røssland: Overleve 2
spenningsbøker
Martin Baldysz: Vardane
unge vaksne
Ida Neverdahl: Floke 3
6–9
fantastisk litteratur