Overtrykk 2025

Overtrykk 2025 Tid for ti: Undervisingsopplegg til eit utdrag frå boka. Følg denne lenka for å lese og/eller høyre eit utdrag frå boka. 

Ei snill planteheks, ein hund med superkrefter og ei hulder som jaktar gjenferd og svindlarar.

Overtrykk er den årlege teikneserieantologien frå Überpress, og 2025-versjonen har det overnaturlege som tema. Antologien byr på fem ganske ulike fantasiverder, laga av teikneserieskaparar i Noreg.

Etter kvar historie kjem eit kort intervju med kvar teikneserieskapar, der lesaren får vite litt om kven forfattaren er. Dei kjem også med gode tips til teikneseriar dei tilrår. Her kan lesaren verte inspirert til å utforske teikneserieverda, og kanskje også til sjølv å bidra med eigne teikneseriar.

Det er fem historier i boka, og dei er ulike i stil, tema og målgruppe.

Dei første to historiene passar fint for målgruppa 6–9 år:
Jakta på nattmynta av Jostein Fyllingen
Ein nesten heilt vanleg fyr av Alf C. Saasen

Dei tre siste passar for målgruppa 9–12 år og oppover:
Bounties av Lars Erik Helgemo
Hunde-teikneserie av Vibeke Ihlen Selnes
Dårlege ånder av Ørjan Aarvik

 

Fleire boktips

6–9
9–12
9–12
Oppdrag romvesen 2
6–9