Nynorskbok logo

Boktips frå Nynorsksenteret

Frode Grytten: Bikubesong

I den vesle boka Som en roman. Om gleden ved å lese formulerer Daniel Pennac «Lesarens ti ukrenkjelege rettar». Mellom dei er retten til å lese kvar som helst, retten til å hoppe over sider og retten til å lese om att. Bikubesong er ein roman som kan lesast slik. Kanskje er det ikkje eingong ein roman?

Mange vil hevde at dette heller er ei samling forteljingar. Kapitla kan lesast som enkeltståande historier kvar for seg. Dette er ei av årsakene til at dette er ei god bok å halde fram for unge lesarar som er klare for større utfordringar enn ungdomslitteraturen kan gje dei.

Den novellistiske romanen utspelar seg i Murboligen, industribustaden i Odda. Bak kvar dør bur karakterar som med sine kvardagslege og trivielle liv gjev lesaren 25 fantastiske, humoristiske, såre og rike historier.

Her er prinsessa av Burundi, som er så tjukk at ho på eit tidspunkt går over frå å vere loddrett til å vere vassrett. Harry som av VG er plukka ut som representant for gjennomsnitts-nordmannen. Fittetjuven, som alltid køyrer rundt med ein murstein i bobla si. Steinen fungerer som handbrekk. Slik at han kan parkere hos «sitrande damer i motbakke».

«Jordnær surrealisme. Groovy prosa som på beundringsverdig vis ikke gir seg ut for å være smartere enn den er. En strålende LP i bokform som med sin stringente melankoli etterlater et varig inntrykk. En absolutt nødvendig roman,» skreiv Terje Thorsen i Dagbladet.

Romanen fekk Brageprisen i utgjevingsåret 1999. Han vart også nominert til Nordisk råds litteraturpris. Romanen er utgitt i mange land, sist i Kina!

Frode Grytten (1960) er sjølv frå Odda, men er no busett i Bergen. Han har gitt ut diktsamlingar, novellesamlingar, romanar og biletbøker.

Fleire boktips

krim
dikt
unge vaksne
lettlesne bøker