Endeleg er karane Harry og Ivar tilbake etter den spennande og morosame oppfinnarkonkurransen i boka Harry og Ivar finn opp krutet. Harry har handla mykje blåbærbrus og tv-spel for millionen Ivar vann i konkurransen. Snart er det tomt! Harry har meldt seg på VM i plystring i Las Vegas, akkurat exactly! Og vinnaren får 100 000 dollars i moneys! Men Harry plystrar som ei sur sursild som nett har fått si tredje parkeringsbot for dagen. Med i konkurransen er også favorittane Sappo Sjefolainen, Gert van der Gaudakäse og Olga Visvaska. Dette blir ikkje lett! Men med gode vener og litt «løøøv» kan det meste løyse seg. Så morosamt for lesaren og med herleg språkleg leik og overskot.
Boka er illustrert av Per Dybvig. Ho eignar seg godt til høgtlesing frå og med seksårsalderen.
I tillegg til bøkene om Harry og Ivar har Lars Mæhle mellom anna skrive dei to prislønte ungdomsromanane Keeperen til Tunisia (2002) og Narniadraumar (2005).